Ferda til den rusa biltjuven enda i ein sving i nærleiken av Nordeide. Den stelte bilen vart totaltskada. (Foto: Politiet)
To biltjuveri og trafikkulykke i Høyanger

Same gjerningsmann

Det var den same personen som stod bak biltjuveriet i Høyanger natt til onsdag som søndag kveld på ny stal ein bil og sette seg bak rattet i rusa tilstand. Denne gongen resulterte villmannskøyringa i ei ulykke.


Like før kl. 20 søndag fekk politiet melding om eit biltjuveri i Høyanger, og at gjerningspersonen framstod som overstadig rusa. Nokre minutt seinare, etter fleire nestenulykker på vegen, stoppa ferda for mannen i 30-åra i ein sving i nærleiken av Nordeide. Leiar ved Høyanger politistasjon Kristoffer Lønning fortel at gjerningsmannen er den same personen som stal ein bil tidlegare i veka, og som køyrde i ruspåverka tilstand utan førarkort og utløyste ein alarm i Høyangertunnelen.

– Mannen var lettare skada etter ulykka men stabil, og vart køyrt til sjukehuset i Førde for legesjekk der. Han er pågripen i saka og har vore på sjukehuset i natt under vakthald frå politiet, men har ikkje blitt avhøyrt enno.

Mannen, som er ein kjenning av politiet og som alt hadde opparbeida seg ei handfull med lovbrot førre veke, vil no få enno fleire tiltalar mot seg. I tillegg til biltjuveriet og køyringa utan førarkort i ruspåverka tilstand vil vedkommande også bli tiltalt for brot på vegtrafikklova § 3. Lønning fortel at mannen mest sannsynleg vil bli framstilt for varetektsfengsling i morgon.

– Alt tyder på at denne mannen har operert aleine og at folk i Høyanger ikkje treng å vere uroa trass i to såpass alvorlege hendingar på kort tid. Men vi oppfordrar på generelt grunnlag folk om å låse bilane sine og passe på nøkkelen.

 

Det var like før Nordeide i retning Kyrkjebø at ferda enda for mannen i den stelte bilen.