Høyanger er fast innstilt på å halde fram med å bidra med sitt når det kjem til flyktningar. Medan Hyllestad, og fleire andre kommunar i Norge, har gitt signal om og gjort vedtak på at kapasiteten no er nådd, meiner Høyanger at dei framleis har meir å gå på.
– Det var unisont frå kommunestyret at dette er noko vi skal gjere. Vi er ikkje der som andre kommunar er, som no ber om ein pust i bakken, seier ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn. Både formannskapet og kommunestyret stemde samrøystes over administrasjonen sitt framlegg om å gjere som IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) har oppmoda kommunen om, nemleg å ta i mot 35 nye flyktningar i Høyanger kommune i året som kjem. I tillegg kjem familiegjenforeiningar på toppen.Bustadar
Da er det nokre utfordringar Høyanger kommune må forhalde seg til. Det eine er bustadar. Kommunen har så langt fokusert busettinga av flyktningar i Høyanger tettstad, men etter tre år med krig i Ukraina, der Høyanger har sagt ja til alle IMDi sine oppmodingar, kan det rett og slett byrje å bli lite bustadar igjen i tettstaden. Kjem det familiar kan ein sjølvsagt bruke ein bustad på fleire personar, men om det kjem fleire einslege er situasjonen ein annan. Mathias Raknerud Hatlestad (R) gjekk også på talarstolen under førre kommunestyremøte og oppmoda kommunen til å bruke heile kommunen når dei buset flyktningar, noko administrasjonen sjølv også har understreka blir nødvendig om bustadsituasjonen i Høyanger tettstad blir pressa.Trekte tillegg
Kommunedirektør Ørjan Haram understreka likevel at det er knytt utfordringar til å busette flyktningar utanfor Høyanger tettstad, og åtvara mot å legge til eit tillegg i vedtaket som pålegg administrasjonen å bruke heile kommunen til å busette flyktningar.Må styrke oppvekst
Hege Rusti og Arbeidarpartiet la til eit tillegg i vedtaket som sa at å ta i mot flyktningar også i år må vere under føresetnad at tenesteområdet oppvekst blir styrka personalmessig. – Grunnen til at vi har tatt inn dette er fordi vi ser at oppvekstsektoren, spesielt barnehagar og skular, er veldig pressa no på grunn av flyktningesituasjonen, sa Rusti.