Eit jordskjelv med styrke 4,3 råka Vestlandet søndag kveld.

Jordskjelv på Vestlandet

Søndag kveld vart Vestlandet råka av eit jordskjelv med ein styrke på 4,3.


Det var rundt klokka 21.10 søndag kveld at bakken på Vestlandet i Norge byrja å riste. Ifølge forskingsinstituttet Norsar hadde skjelvet ein styrke på 4,3, noko om er uvanleg høgt for området, men som framleis ikkje er venta å gjere materielle skadar.

Skjelvet hadde sentrum i Nordsjøen, ein stad mellom Førde og Ålesund, og var sterkast utanfor kysten av Ålesund.

Til NRK seier forskingsleiar ved Norsar, Volker Oye, at det kan forventast etterskjelv i døgnet etter det opphavlege skjelvet.

Det har heller ikkje vore nokon fare for oljeinstallasjonar. Ifølge NRK hadde heller ikkje politiet fått meldingar om skadar på personar eller gjenstandar klokka 23 søndag kveld.