Spørsmålet som reiste seg i formannskapet når det kom til å ta i mot fleire flyktningar i kommunen, som allereie har tatt i mot opp mot 10 prosent av folketalet allereie, var om det er forsvarleg å ta i mot fleire flyktningar no.
Og om ein tek i mot 10, kunne ein like greitt ta i mot 20? Kjem det nye flyktningar til i 2025 må ein likevel halde på verkemiddelapparatet knytt til flyktningane, som til dømes språkopplæringa, og den er ikkje nødvendigvis nedskalerbar om det kjem mange færre til kommunen neste år. – Det blir ein mellomting som gjer at vi må halde i gong apparatet knytt til flyktningane veldig lenge. Det er eit alternativ å seie at nok er nok, sa kommunalsjef for helse og omsorg i Hyllestad, Rolf Horne, i møtet, og fekk støtte av varaordførar Christian Hatlem Skår.Stortrivst i kommunen
Men formannskapet valde å la saka gå vidare til kommunestyret utan noko vedtak, og i mellomtida har administrasjonen i Hyllestad nytta tida godt. Til kommunestyremøtet førre veke hadde politikarane fått eit dokument som med anna inneheldt ei spørjeundersøking av flyktningane i kommunen. Og konklusjonen blant dei som svarte på undersøkinga var klinkande klar: Nesten tre av fire flyktningar ønsker å bli i Hyllestad kommune. Av dei 40 som svarte på undersøkinga, sa nemleg 29 av dei at dei ønsker å bli i Hyllestad. I den same undersøkinga fortel også flyktningane busett i kommunen at dei stortrivst. 29 vart spurd om, på ein skala frå ein til fem, kor nøgde dei var med å bu i Hyllestad, og her gav 28 personar ein femmar.
Tek i mot 10 i 2025
Med dette som bakteppe vart det ikkje dei store diskusjonane i kommunestyremøtet førre torsdag. Tankane om at det kanskje var betre å seie at kapasiteten var nådd var lagt vekk, og i møtet gjekk det kjapt til vedtak om å gjere som kommunedirektøren hadde foreslått. IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) har oppmoda Hyllestad om å ta i mot 20 flyktningar i 2025, men administrasjonen har nedjustert dette talet til 10, som også vart vedtaket i kommunestyret.
– Det startar ein stor jobb
Når det kjem til dei gode tilbakemeldingane frå dei som allereie har komme til Hyllestad, er dette noko Eide tek med seg som positivt. Men han understrekar at dei største utfordringane framleis står framfor dei. – Dette er gode tilbakemeldingar, men det er så langt. Det startar ein stor jobb med å få dei som bur her i arbeid, og det er også eit arbeid med vidare norskopplæring og bustadar. Så det blir krevjande framover, men utgangspunktet er bra, seier Eide. Fleire av dei frivillige laga og organisasjonane i Hyllestad har vore knytt tett opp til det tidlege integreringsarbeidet i kommunen, noko Eide meiner er noko av grunnen bak at så mange av flyktningane melder at dei både trivst veldig godt i kommunen og ønsker å bli. – Sosialt sett har dette vore veldig bra. Men at folk gir så gode tilbakemeldingar kan fort endre seg, om det kjem ein negativ situasjon der vi ikkje finn arbeid til folk. Det blir den store kampen no, og vi må fortsette det gode arbeidet som har vore.Har lukkast med strategien
Kommunedirektør Gjermund Flage seier at å no ta i mot 10 stykk, halvparten av dei 20 IMDi har oppmoda kommunen om, er å sjå på som ei nedtrapping. – Vi er alle saman einige om at vi må byrje å avgrense oss. Det er avgrensa kor mange flyktningar vi kan ta i mot i ein liten kommune, seier han til Ytre Sogn. I dokumentet frå administrasjonen blir det også peika på fleire område som vil bli utfordrande, sjølv om ein no har valt å berre ta i mot eit minimum av flyktningar det kommande året. For ein liten kommune som Hyllestad så er det ikkje eit apparat knytt til flyktningar på plass som kan skalerast når det oppstår ein slik flyktningesituasjon som har vore dei siste åra.