«Kor som helst» med sin musikalske leiar Harald Dahlstrøm framførte mange flotte songar.

Stor suksess for andre gong

Harald Dahlstrøm har greidd det igjen. Førre torsdag kveld fylte han stovene på Eides Hotel til ein ny kulturkafé. Med songgruppa «Kor som helst» i botn, spedde han på med fleire lokale artistar.


Kulturkaféen er eit fellesarrangement mellom Eides Hotel, Kulturskulen og Harald Dahlstrøm, der Harald leiar showet. Dette var andre gong og med like stor suksess som i juni.

Harald Dahlstrøm har ei eiga evne til å få folk til å slappe av og trivast.

Mindre enn ein øl

Harald Dahlstrøm er ein virtuos på piano og har ein lett og ledig stil når han snakkar til publikum. Skuldrane dett ned, og det vert berre kos og hygge når han, med eit breitt smil, seier at han er kjempeglad over det gode frammøtet. 

– Denne gong valde vi å ta litt betalt. 100 kroner er i alle fall mindre enn kva ein øl kostar, smilte Harald, mens publikum lo godt. 

Han heldt korta tett til brystet i starten, men røpa at han hadde ei overrasking på lur.

Oppvarminga tok koret saman med publikum og dermed var det duka for ein kjend Perry Como klassikar, «Magic Moments», der solisten, Arild Raasholm, har ei stemme som er skapt for slike låtar. 

Ein ringrev som fekk godt fram den innhaldsrike teksten i Bellman-songane, var Knut Henning Litsheim. Harald Dahlstrøm følgde godt opp på tangentane.

Fødselsdag på Eides

Neste mann ut er ein erfaren songar med ein del år på baken. Knut Henning Litsheim valde å feire fødselsdagen på Eides, og alle var med på bursdagssongen for han før han istemte med «Vila vid denna källa», Bellmans epistel nr. 82. 

Det var nesten fødselsdag for den neste artisten og, som var i den andre enden av aldersskalaen. Kalina Dabek fylte nyleg 10 år og har allereie blitt kjent for sitt flotte pianospel. Familien er frå Polen, men bur no i Vadheim og Kalina går i pianolære hos Sjoerd Tolsma i Kulturskulen. Ho framførte elegant tre melodiar; «The Entertainer», «Golden Hour» og «Can Can».

Kalina Dabek synte nok ein gong at ho er eit pianotalent av dei sjeldne.

Kveldens overrasking

Harald nytta høvet til å reklamere litt for «Kor som helst», som øver kvar torsdag kl. 1800. Han ønskte nye songarar velkommen, men koret greidde seg veldig godt med dei medlemmene dei hadde. Dette fekk vi høyre då dei framførte Beatles-låten «In my life» med Anne Britt Skjerven og Arild Raasholm som solistar.

Dette var opptakten til den store overraskinga, som starta med at artisten som var venta blei sjuk. Erstatninga kom frå Bergen, med djupe røter i Høyanger og Kyrkjebø. Med flunkande nytt førarkort køyrde ho frå Bergen same morgon og kom heilskinna til kulturkaféen på Eides. Det blei stor applaus for 18 år gamle Jenny Torvund som starta med ABBA-låten «Slipping through my fingers». Ho fortsette med to songar av Adele som ho og framførte med innleving og ei stemmeprakt som vil nå langt. Harald og Jenny har jobba saman ein gong før, men dei låtane ho framførte denne kvelden, har dei utruleg nok aldri øvd på saman.

Kveldens store overrasking var Jenny Torvund, som med si vakre stemme, song både ein ABBA-låt og to av Adele.

Om å nyte livet

Då det var klart for ei ny runde med Knut Henning og Harald, kom det fram at det ikkje er vits i å bli gammal, viss ein ikkje kan nyte det gode liv. Og nettopp det handla det om i «Är jag född så vil jag leva», Bellmans song nr. 16. 

Anita Nordheim er kjent og kjær i Høyanger, både som saksofonist og songar. Ho fortalde sjølv at ho og Harald hadde hatt ein jobb saman i Jølster, men no hadde Harald funne på litt ekstra moro med låtane. «Thy Peace» var ein jazzinspirert låt med improvisasjon, der både Anita og Harald fekk briljere og leike seg på instrumenta sine.

Anita Nordheim er både ein dyktig saksofonist og songar i tillegg til å komponere eigne songar. Denne kvelden fekk ho vist alle sider av seg sjølv.

Harald hadde og utfordra Anita til å framføre songar ho har laga sjølv. Den første var den stemningsfulle «Morgontime» som ho laga saman med Bjørn Randal. Deretter «Må bli bra» som ho laga med ein kar frå Florø. Her deltok koret og, medan Harald jobba saman med nokre «japanarar» han hadde inni ein boks. Dermed fekk vi høyre både perkusjon og bass. 

– Det er veldig moro å lag eigne låtar. Så til alle dei unge der ute, berre sett i gang viss de har lyst, oppfordra Anita.

Anita avslutta sin avdeling med «Freedom is a voice» av Bobby McFerrin saman med Harald og koret.

At publikum kosa seg var det ikkje tvil om. Med innlagde pausar, fekk folk og høve til å prate saman og fylle på med drikke. Arild Raasholm og Jorunn Flæthe gjentok suksessen med «All I ask of you», frå Lloyd Webber-konserten som KUL-koret hadde i samfunnshuset for to år sidan. Og sidan jula er like rundt hjørnet avslutta koret med ein flott variant av «White Christmas», der Arild Raasholm og Siri Seljeset Ommedal var solistar. 

Jorunn Flæthe og Arild Raasholm song duett på Lloyd Webber-låten «All I ask of you».

Arild Raasholm har soloparti saman med Siri Seljeset Ommedal i «White Christmas».

Stovene på Eides Hotel var nok ein gong fylte med eit musikkelskande publikum.

Anita Nordheim og «Kor som helst» i flott samklang med Harald Dahlstrøm på tangentar.