Ingunn Eikås i Høyanger sanitets­forening og Kristin Sagerøy Råsberg i Høyanger Arbeidarparti håpar på ein tilsvarande suksess for samarbeidsarrangementet deira i år som den dei fekk i fjor.

Samarbeider også i år om kvinne­dags­arrangement

Det felles kvinnedagsarrangementet til Høyanger sanitets­forening og Høyanger Arbeidarparti trakk i fjor fullt hus. No samlar dei på ny kreftene for å gjenta suksessen.


Høyanger sanitets­forening har lang tradisjon for å arrangere samlingar 8. mars med eit særleg fokus på kvinnehelse, og i fjor hadde også Høyanger Arbeidarparti eit ønske om å gjere noko ut av denne merkedagen. Men i staden for å lage eit konkurrerande arrangement hengte lokallaget i Arbeidarpartiet seg heller på saniteten sitt opplegg, noko som viste seg å bli ein god kombo både med tanke på innhaldet i arrangementet og oppmøtet.

– I fjor møtte det oppunder 70 personar på samlinga, og det blir spanande å sjå om vi får eit like godt oppmøte i år. Arrangementet blir i år på Eides Hotel og er ope for alle, men dei som vil ha tapas i etterkant av det faglege må melde seg på.

Stortingsrepresentant Kamzy Gunaratnam vil tale til dei frammøtte på kvinnedagsarrangementet på Eides Hotel. (Foto: Nordiske Mediedager)

Karen Oppedal Vevle (t.v) og Agnete Hjelmeland Ørnehaug vil snakke om korleis det har vore å vekse opp i Høyanger, og kva dei tenker om framtida til heimstaden sin. (Foto: Privat)

Lokalt og nasjonalt

Som alltid vil det bli ein appell frå saniteten si side på arrangementet, og så har Ap-gjengen klart å lokke Kamzy Gunaratnam, som er medlem av helse- og omsorgskomitéen på Stortinget, til Høyanger for å tale til forsamlinga.

– Gunaratnam er kjent for å vere ein god talar som er lett å høyre på, og ho har og mange hjertesaker som er høgst relevante på kvinnedagen, så vi er veldig glade for at ho har takka ja til å komme til oss, seier lokallagsleiar Kristin Sagerøy Råsberg.

I fjor gjorde vidaregåandeelevane Jenny Østerbø Breidvik og Emma Finden Tennefoss stort inntrykk under kvinnedagssamlinga på Øren Hotel med sitt innlegg om korleis det er å vekse opp som unge kvinner i dag. I år vil det også bli to unge kvinner på talarstolen, om enn litt eldre enn dei som var med sist.

– I år blir det Agnete Hjelmeland Ørnehaug og Karen Oppedal Vevle som kjem for å snakke om korleis dei ser på sitt lokalsamfunn, og om kva som er viktig for dei her i Høyanger.