Det er Rønnaug Meek og Kjell-Arve Kvamme som er primus motorar bak den frivillige organisasjonen Jul for Deg, og radarparet kan no – når juleteet har blitt kasta på dør og julematen er fortært – melde at den felles julefeiringa denne jula vart minst like koseleg som sist.
– Denne jula kom det omlag 65 gjestar mot omlag 45 sist. Det er hovudsakleg flyktningar som deltek på denne feiringa, og auken i talet på gjestar heng nok saman med at det og har blitt fleire flyktningar i Høyanger i løpet av 2024. Jul for Deg har funne ein velfungerande modell for arrangementet sitt, som i år gjekk frå klokka 12 til 15 julaftan. – Vi starta feiringa med å servere kjempegod tradisjonell norsk julemat levert av kommunen sitt sentralkjøkken. Så var det gang rundt juletreet og aktivitetar før det heile vart avslutta med dessert og kaffi. Og sjølv om det var både norsk mat og norske julesongar på menyen, så vart det og meir internasjonale innslag under feiringa. – Det var ein som under gangen rundt juletreet foreslo at vi skulle danse fugledansen. Den kan alle uansett kva land ein kjem frå, så da vart det ein god runde med den også. Det var i det heile fantastisk moro og kjempegod stemning frå start til slutt.
Takksame gjestar
Og om ein skal tru tilbakemeldingane frå gjestane som deltok blir det frivillige initiativet sett stor pris på. – Mange er svært takksame for at det blir lagt til rette for ei slik felles feiring, og det var og nokre som tok med seg ukrainsk julebakst fordi dei ønska å bidra. Det var og ei som hadde laga flotte julekort med ein veldig koseleg tekst som ho gav til kvar og ein av dei frivillige saman med ei lita gåve. Det var veldig rørande.