Rundt 30 personar var innom på den første visninga av Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening (HKIF) sin feriestad på Norevik. - Vi er godt nøgde med interessa, seier leiar Lars Kjetil Skeie til Ytre Sogn
Han deltok sjølv på visinga søndag, i lag med Stine Baumann frå Baumann Advokatfirma, som har fått oppdraget med å selje den tradisjonsrike feriestaden ved E39, mellom Lavik og Vadheim. Det var på eit ekstraordinært årsmøte i februar i år at HKIF vedtok å førebu sal av feriestaden deira på Norevik, mellom Vadheim og Lavik, Norevikane/Fagernes hytte- og konferansesenter. Bakgrunnen er at foreininga ikkje har økonomi til å drifte og halde det vedlike sjølve. - Det kom både lokale folk, som eg hadde venta å sjå på visinga, og folk utanfrå. Så eg er godt nøgd med oppmøtet, seier Lars Kjetil Skeie, leiar i HKIF, til Ytre Sogn etter at den første visninga var over. Og han fortel om interessante signal rundt bruken av eigedomen undervegs. Styret i HKIF har nemleg ikkje lagt skjul på at dei vil at området framleis skal vere tilgjengeleg for ålmenta. - Det gjer også at eg har tru på at vi får attraktive bod, og at vi kan fatte ei avgjerd i slutten av månaden, seier Skeie. Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!