Tvert imot, trur vi. Dersom det hadde funnest eit tilbod om opplæring i bandsamspel i Høyanger, hadde det truleg stått kø av ungdommar nedover gata. For korleis kan dei unge bli rekrutterte til eit tilbod som ikkje finst? IL Høyang hadde heller ikkje hatt flinke turnarar, handball- eller fotballspelarar dersom det ikkje fanst eit apparat av vaksne, kyndige trenarar som gav dei opplæring og oppfølging kvar veke, år etter år. Det er eit lite fåtal av 14-15-åringar som kan ynskje seg ein gitar til jul, og deretter utvikle seg til ein fullverdig band-musikar på eiga hand. Som med alt anna, krev det opplæring og rettleiing.
Ved Høyanger skule har vi drive praktisk, bandbasert musikkundervisning på ungdomstrinnet i snart 20 år. Alle elevar som har gått ut av skulen frå 2007 og framover har fått med seg enkel, grunnleggande opplæring i trommer, bass, gitar, tangentar og vokal. Etter eit omtrentleg anslag kan det vere snakk om 7-800 ungdommar. Dei har fått oppleve å spele, synge, samarbeide, øve inn og framføre låtar for eit publikum. Og vi som har drive med dette er sikre på ein ting: Det er ikkje mangel på verken interesse eller talent! Elevane omfamnar musiseringa med engasjement og begeistring. Årets kull av 40 niandeklassingar er ikkje noko unntak. I veka etter påske er dei klare til å framføre 12 blues-, pop- og rock-låtar for foreldre og medelevar, etter åtte månader med intens øving. Få av dei hadde spelt eit instrument då vi starta i august, og meistringsgleda er tydeleg og stor. Kvart einaste år står vi som lærarar igjen med ei stor glede, men også eit tristheit over at det ikkje finst eit tilbod til dei som er interesserte i å utvikle seg vidare. Vi ser ungdommar som blomstrar, spelar gitarsolo og tek utfordringar på strak arm, men når skuleåret er over, har dei ingen stad å fortsetje med musikken. Mange talent har gått tapt for Høyanger-samfunnet på denne måten i løpet av desse åra. Vi har også sett nokre som har kome langt nok til å ville starte band, men så har det stranda på lån av øvingslokale og utstyr, erstatningsansvar og økonomisk risiko for foreldra. For det finst ikkje ein infrastruktur og eit system for slikt. Mange av ungdomsskuleelevane som var til stades på Joss denne fredagen, drøymde heilt sikkert om å kunne spele i eit slikt band. Men det er ikkje rigga for at ungdom skal drive med bandsamspel i Høyanger, trass den stolte rock-historia. Kva samfunnsnytte og verdi har musikkopplæring og kulturaktivitet? Ingen som kjenner rock-historia i Høyanger er vel i tvil om kva den har hatt å seie for identitet, fellesskap, tilknyting, opplevingar og stoltheit i lokalsamfunnet. Desse verdiane let seg ikkje omsetje i tal, kroner og øre, dei er usynlege for andre enn dei som opplever fruktene av dei. Men mange veit også at ikkje alt som tel kan teljast, og at desse verdiane vil vere ei usynleg kraft i eit samfunn, på same måte som den menneskelege og sportslege verdiskapinga i idrettslaget. Gamlegutane i rockebanda treng rekruttering og vidareføring av arven sin, og heile Høyanger vil ha nytte av at det lukkast. Og det er fint med skulekonsert og misjonering på Joss, men det er ikkje der løysinga ligg. Praktiske resultat av forkynning på misjonsmarkene vil alltid vere avhengig av at misjonærane har ein organisasjon i ryggen, med ansvar for logistikk og oppfølgjing. Vi vil i første omgang sende ballen tilbake til gamlegutane i bandmiljøet, og til Høyanger Rock- og Bluesklubb. Dei har som formål å fremje rock, blues og beslekta musikkformer i Høyanger. Ved å bruke sin organisasjon til å trekke trådar og trykke på knappar, kan kanskje den gode bodskapen munne ut i praktiske frukter av misjonsoppdraget. For dette er ei utfordring som det er opp til det vaksne samfunnet å løyse, på ein eller annan måte. Vi veit at det ikkje er ungdommane det står på!Kirsti Oma og Sonja Aasen Årdal
Musikklærarar ved Høyanger skule