Toril Varden i Høyanger Kunstlag har ikkje greie på kunst, men ho likar kunst fordi om. No håpar ho at fleire som er nysgjerrige på kunst blir med på kulturkvelden som kunstlaget skal arrangere.

Høyanger Kunstlag på sjarm­offensiven

Høyanger Kunstlag vil nå breiare ut. Derfor inviterer dei torsdag alle med kunstinteresse i og rundt Høyanger til ein innhaldsrik kulturkveld.


Du må ikkje ha greie på kunst for å like kunst. Det er eit viktig motto for Høyanger Kunstlag, og no ønsker dei å kome i kontakt med andre som synest at kunst er litt spanande.

– Vi har lyst til å gjere Høyanger Kunstlag til noko litt meir enn det som skjer på Gunnar S. Galleriet. Det er bakgrunnen for medlems- og kulturkvelden som vi no arrangerer på Eides Hotel neste torsdag. Her er det berre for alle som er nysgjerrige på kunst å møte, seier Toril Varden i Høyanger Kunstlag.

Til kulturkvelden kjem Harald Dahlstrøm for å spele, og det blir servering av tapas. Kunstformidlar Fridtjov Urdal kjem og ned frå Vassenden for å halde eit lite foredrag.

– Fridtjov er ein mann med stor formidlingsevne og mykje på hjartet, så dette gler vi oss veldig til.

På seinhausten ønsker Høyanger Kunstlag å stille ut kunst laga av unge kreative i Høyanger i Gunnar S. Galleriet.

Barna sitt galleri

Høyanger Kunstlag har som mange andre lag og organisasjonar behov for ei viss fornying, og når gamle medlemmar av ulike grunnar fell frå, er det greit å få inn nokon nye i den andre enden. Varden håpar at eit meir utovervend kunstlag også vil føre til fleire nye medlemmar.

– Vi har fått ein del nye med oss i det siste der fleire også er yngre, men det er alltids plass til fleire. På kulturkvelden vil det sjølvsagt også bli høve til å bli litt betre kjent med oss i kunstlaget, om nokon skulle ha interesse av det.

Kunstlaget planlegg også å appellere til dei aller yngste i løpet av året.

– På seinhausten har vi veldig lyst til å få laga til ei utstilling på galleriet der unge kreative her lokalt får sleppe til. Vi kjem nok til å annonsere detaljane rundt dette no før sommaren, og så siktar vi oss inn på å ha utstillinga nokre månadar etter.

Håpet er å stimulere dei unge i Høyanger til å ta fram målekosten og andre kunstnariske reiskapar.

– Vi har ein flott kulturskule her i kommunen der dei unge kan utfalde seg kreativt, så dette er ikkje i konkurranse med den, men kan kanskje vere eit supplement. Vi trur det vil bli kjempemoro med unge lokale utstillarar på Gunnar S. Galleriet.

Prosjektet har fått 20 000 i støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Vi prøvar ut litt forskjellige nye ting no, og så ser vi korleis det går. Samstundes fortset vi sjølvsagt å organisere ulike utstillingar i Gunnar S. Galleriet, og også her merkar vi auka interesse. Det er mange kunstnarar som tek kontakt med ønske om å stille ut i Høyanger, noko som sjølvsagt er veldig moro.