Ytring frå Sogn og Fjordane Senterkvinner, her ved Linn Elisabeth Dregelid.

Stopp dei urettvise nedtrekka i rammetilskotet


Etter eit år med usedvanleg høge kraftprisar, har regjeringa bestemt at kommunar som kan forvente å ha høge inntekter i 2023 som følge av desse prisane, skal dele med fellesskapet. Regjeringa meiner at det ikkje er rimeleg at einskilde skal hente ut store overskot av høge straumprisar, medan andre får høgare utgifter. Difor har Stortinget vedtatt eit eittårig trekk i rammetilskot for nokre kommunar, basert på ei gitt utrekning.

Ein av desse kommunane som får nedtrekk er Høyanger kommune, som er planlagt trekt for 54 millionar i 2023. I 2022 tapte imidlertid Høyanger kommune pengar på kraftsal, og gjekk 84 millionar i minus på sal av kraft. Med andre kraftavtalar for 2023 hadde kommunen ein plan om å dekke inn igjen tapet frå 2022 og i tillegg tene pengar igjen. Så kjem regjeringa og vil omfordele, og forsyner seg med 54 millionar av pengane som Høyanger kommune skulle hatt, medan kommunen sjølv må ta tapet på 84 millionar. Andre kommunar kjem annleis ut, men ein fellesnemnar er at mange er misnøgde.

Nokre kommunar har tent innbyggjarane sine godt ved å selje konsesjonskraft til avtalte, låge prisar, og vil såleis ikkje få reduksjon i rammetilskotet. Andre kommunar har valt å selje dyrare, i håp om å få eit større overskot som også skulle komme innbyggjarane til gode. Sistnemnde kommunar og innbyggjarar vil med si løysing no tape stort. I tillegg er det berre konsesjonskraft som skal ligge til grunn for omfordelinga.

Eit slikt trekk i rammetilskot er uføreseieleg og set kjeppar i hjula for vidare utvikling av fornybar energi. Skal ein akseptere tap av natur i lokalmiljøet og handtere både opp- og nedturar i marknaden – for så å risikere å få endra vilkåra for inntening «over natta»? Dersom ein tek av overskotet for å gje til fellesskapet – kan ein då forvente at fellesskapet dekker tap og kompenserer naturinngrep?

Denne ordninga med trekk i rammetilskot må stoppast i si noverande form. Alternativet er å skrote den, eller bruke tid til å utforme ei meir treffsikker ordning i tråd med intensjonen. I tillegg må den innførast på ein slik måte at kommunar kan jobbe utifrå føreseielege vilkår i plan- og budsjettarbeid.