Nora Høyvik har ikkje planar om å gje seg med aktivitetane sjølv om ho rundar 80 år.

Det har vore lite stillstand i Nora Høyvik sitt 80-årige liv

Nora Høyvik er ikkje ei dame som sit med hendene i fanget. Når ho sit i ro er det for å sy, stikke eller gjere anna handarbeid. Gjennom fleire ti-år har familien og bygda nytt godt av hennar ustoppelege gjeremål.


Nora er fødd i Bygstad 1. november 1943 der foreldra Oddlaug f. Osen og faren Hjalmar Haugsbø var frå. Nora kom som nummer tre i ein søskenflokk på fem. Dei to eldre brørne Ivar og Egil var fødde høvesvis i 1939 og 1942. Faren Hjalmar, som var murar, sette opp eit stort murhus sentralt i Bygstad, utan tanke på at ei snarleg avgjer skulle endre livet til familien.

Nora Haugsbø gifte seg med Arild Høyvik i Mariakirken i Bergen. (Foto: Privat)På flyttefot
Arne S. Tronvik og kona Kristiane eigde garden Tronvik på Kyrkjebø. Dei var barnlause og hadde ikkje heldt garden ved like, noko som medførte at han vart nedsarva. Mor til Arne, Sigrid E. Ullebø, budde saman med sonen og svigerdottera. Sigrid var tanta til Hjalmar Haugsbø og for at garden ikkje skulle gå ut av slekta, valde Hjalmar og Oddlaug å flytte til Tronvik for å få garden på fote att.  Sommaren 1950 sette familien Haugsbø seg i flyttebilen og køyrde frå Bygstad til Tronvik.

– Eg hugsar godt at Ivar gret då vi kom til tunnelen mellom Vadheim og Hovden. Han ville ikkje inn i det svarte holet, for han hadde aldri sett ein tunnel før, smiler Nora.

– Då vi nådde Tronvik og svinga opp frå hovudvegen mot gardshuset, såg eg ein liten gut som luska bak nokre bærbuskar. Det synte seg å vere Atle Ljotebø som var nyfiken på kven vi var. 

Huset var inndelt i fleire bu-einingar, slik at familien Haugsbø fekk eine enden, Arne og Kristiane den andre og gamlemor Sigrid budde på arka.

Her er fellesbildet frå feiringa. Nesten heile familien var samla. Når eg tel kjem eg til 30 etterfølgjarar. Her er born, svigerborn, barneborn og deira partnarar i tillegg til oldeborn. (Foto: Privat)

Tidleg i arbeid
Nora, som då var sju år, skulle byrje i første klasse og tykte det var trygt og godt med den snille og milde læraren, Severin Glenjen. 

– Som tilflyttarar frå Sunnfjord kom fogderistriden tydeleg fram når det var noko som hende. Sjølv slapp eg lett unna, men Ivar var nok den som fekk juling for oss alle tre.

– Korleis var dagane elles?

– Det var skule og arbeid som fylte dagane, for det var mykje å ta att på garden. Alle måtte hjelpe til. Eg hugsar spesielt ein sommar eg var utleigd som ”jente” på Ljotebø-garden. På vestsida var det sett opp ei hes med strengar i tre høgder. Denne hesa måtte eg fylle med gras heilt åleine, og ho var endelaus, seier Nora tankefullt.

– Kor gammal var du då?

– Eg var vel 8 – 9 år gammal, og eg jobba alltid åleine. Det slo meg aldri at eg skulle protestere eller klage. Tilhøva var berre slik og jobben skulle gjerast.

– Elles var vi med på alle slags jobbar, mellom anna å sanke lauvkjerv til sauene. Eg var og barnepike for Marit Ramsli.

I 1954 fekk Nora ei lita søster og det var stor stas. Som 11-åring gjekk ho heilt opp i den vesle søstera, Kari Henny. Ho stulla og stelte med henne til alle tider. Då Else vart fødd i 1957 var ho lei småborn, så den minste søstera fekk ikkje den same merksemda.

Familiebilde teke i 1990 av Geir Ivar Ramsli. Øvst: Frode, Terje og Monica. Framme: Arild, Merethe og Nora. (Foto: Privat)

Stor endring
Tidleg på 1950-talet hadde fylket peika ut Tronvik som staden der dei ville bygge ein heim for psykisk sjuke. Garden til Haugsbø vart ekspropriert og dermed enda gardshistoria til familien like fort som den byrja. Det tok si tid å byggje opp institusjonen. Nora hugsar godt starten og då dei skulle innreie bygningen i 1956.

– Den første tilsette var søster Helga frå Eitorn i Leikanger og ho fekk bustad i eine enden av gardshuset. Då første pasienten kom, budde ho saman med søster Helga. Kristiane, som ho heitte, var blid og glad i born og svært oppteken av Kari. 

Til tross for at fylket no eigde garden, vart han driven som før. Hjalmar Haugsbø gjekk frå å vere sjølvstendig gardbrukar til å bli tilsett som gardsstyrar. Dei hadde dyr, dyrka grønsaker og bær. 

– Det gjorde eit sterkt inntrykk då første båten med pasientar la til kai på Kyrkjebø. Kor mange det var skal vere usikkert, men båten var full av sinnslidande som ikkje var medisinerte. Mange av dei var svært sjuke, men dei fekk ein heim på Tronvik og var med på mange jobbar og aktivitetar i eit fellesskap.

Dei to første bunadane Nora sydde var til svigerdotter Anita og det første barnebarnet Ina. (Foto: Privat)

På høghæla sko
Etter folkeskulen gjekk Nora eitt år på framhaldsskule i Høyanger før ho gjekk på Vatles handelsskule på Voss. Ho og Ruth Austreim delte hybel saman med tvillingane Marit og Karin Bosdal. Ho minnast dei kalde vintrane på Voss der dei var kvitrima i håret då dei kom til skulen. 

Då skulegangen var over fekk ho ulike jobbar som avdelingsjente på gamleheimen på Kyrkjebø. Etter kvart fekk ho seg jobb på Tronvik, der ho var innom både kjøkkenet, vaskeriet og avdelingane.

– Hugsar du noko spesielt frå ungdomstida?

– Det var spesielt ein gong, Ruth og eg ville til Høyanger på kino. Problemet var at det gjekk ikkje buss. Stivpynta la vi i veg til fots på høghæla sko. Vi lo og song og tykte det var moro. Eg anar ikkje kva film vi såg, men eg kippa av meg skorne i kinosalen. Etterpå fekk eg dei ikkje på att for føtene hadde hovna opp.  Heldigvis kunne vi ta skiftbussen ut att, fortel Nora.

– Korleis møtte du Arild Høyvik som du gifte deg med?

– Første gong eg såg han var på ein dans på Nordeide. Han var ein stilig kar, men vi hadde ulike interesser, så eg tenkte ikkje meir på han. Litt seinare var det flakedans i Vadheim og då byrja han å følgje etter meg, men eg ville ikkje ha noko med han å gjere. Det tok difor si tid før vi blei eit par. Men det vart oss til slutt, og vi held i hop den dag i dag, ler Nora.

Nora og Monica på besøk til Merethe og Jostein i Australia. Det var like før jul og full sommar ”down under”. (Foto: Privat)

Latskap – eit ukjent omgrep
Tida både før og etter at ho blei småbarnsmor vart nytta til å gå på mange kurs, noko som var svært populært på den tida. Det var alt frå lampeskjermkurs og malekurs til å sy barnekle og kjolar. 

– Eg hadde lært så pass at eg kunne sy brurekjolen min sjølv. Vi hadde ikkje så god råd, så det var litt å spare på å kunne sy sjølv. Det gir meg dessutan mykje å kunne lage ting med eigne hender, smiler Nora.

Etter at dei gifte seg kom dei tre eldste borna nokså tett. Frode i 1963, Terje i 1964 og Monica i 1967. Nora var heimeverande då borna var små, for barnehage fanst ikkje. Medan huset deira blei bygd på Ljotebø, budde dei like ved, i kjellaren hjå broren Ivar. 

Då dei Frode og Terje hadde byrja i skulen og Monica kunne gå i nystarta barnehage på Tronvik, byrja Nora i jobb igjen. Etter ei tid som ufaglærd, valde ho å ta hjelpepleiarutdanning i Lærdal. Dette var same året som eldsteguten skulle konfirmerast.

– I Lærdal var ikkje konfirmasjon gyldig fråvær, så eg førebudde alt heime i helgene, hadde konfirmasjon søndag og reiste rett til Lærdal att. Alt ”rotet” måtte vente til eg kom heim neste helg.

Nora kunne endeleg jobbe som hjelpepleiar og trivdes godt på Tronvik der ho jobba i turnus. Etter kvart som åra gjekk, opplevde Nora det vondt at nye pasientar stadig vart yngre. Ho assositerte med eigne born og det vart belastande. Ho skifta difor beite til Kyrkjebø sjukeheim, der ho jobba natt i mange år og på tilkalling langt ut over pensjonsalder.

Stort engasjement
Allereie i 1972 vart Kyrkjebø Husmorlag skipa og Nora vart medlem frå starten. Ho gjekk etter kvart inn i styret og sidan 1987 har ho vore leiar i det som no heiter Kyrkjebø Kvinne- og familielag. 

Det er ikkje lite ho har vore med på å få til sidan starten for 51 år sidan. Dei skipa Kyrkjebø skule- og ungdomskorps og har jobba for nedsett fartsgrense og gang- og sykkelveg gjennom bygda. Dei jobba for oppstart av både 6-årsklubb, fritidsklubb og arbeidsstove for 1. – 3. klasse, i tillegg til fritidsheim for dei yngste borna på skulen. I samarbeid med andre organisasjonar starta dei ungdomsklubb. Dei var og med å få gjennomslag for ny kommunal barnehage på Kyrkjebø. Dei held framleis koken med 1-2-3-klubben, der born i skulealder kan lage ting innan kunst og handverk.

Dei arrangerar jonsokfeiring i Austreimsfjøra og juletrefest kvart år. Dei vitjar og bebuarane på Kyrkjebø sjukeheim med blomar og gåver.

Familie og vennskap
I 1982 kom attpåklatten Merethe og Nora minnest at ho var høggravid det året dei bygde hytte på Høyanger-fjellet. Arild har hatt størst interesse av hytta og no er det Merethe som brukar ho mest. 

– Ho er jo nesten fødd der oppe, ler Nora.

Både på hytta og heime kan vi sjå teikn på at også Arild har hatt flittige hender. Treskjæring i form av dyr, menneske, krus og bollar har Arild stått for. Han har og laga flotte golvur til alle borna. Arild er i seinare tid mest kjend for å ha laga modellane av ”gamle Høyanger” som står på Høyanger Industristadmuseum. Medan Arild har drive med trearbeid, har Nora hatt strikking, hekling og sying som sin hobby.

– Eg gjekk på to bunadskurs hjå Liv Lønne i Høyanger. Resultatet er at eg har sydd Sognebunader til alle jentene i familien. Alle gutane har og fått festdrakt, men dei har eg kjøpt.

Sjølv om dei har ein stor familie med fire born, 13 barneborn og 9 oldeborn, har Nora og tid til venninner. Dei er ein fast gjeng som alltid vitjar kvarandre når dei har fødselsdagar. Ho har og vore på mange Syden-turar med venninnene sine.

Då Merethe studerte ved NTNU i Trondheim, var ho eitt år utvekslingsstudent i Perth i Australia. Då reiste Nora og Monica på besøk.

– Det var ei flott oppleving og svigerson Jostein, som og var der, hadde tilgang til bil. Dermed kunne dei ta oss med på turar slik at vi fekk sjå oss om.

Nora og Arild bur framleis i huset dei bygde, men har utvida fleire gonger, noko dei og har gjort på hytta.

– No er det nesten for stort, men vi har våre faste plassar og det har born og barneborn og, smiler ho.

Men ein talrik familie og venneflokk, slår Nora på stortromma og innbyr til middag på Øren Hotel sundag 29. oktober. Ho tykkjer det er kjekt å feire og ha alle rundt seg. Vi ønskjer den høgst oppegåande og arbeidssame jubilanten hjarteleg til lukke med 80-årsdagen.