Planane om vindkraft må stoppast –⁠ ikkje konsekvensutgreiast


Planane om vindkraft på Snøheia og i Sunnfjord-/Høyanger-fjella kan og må stoppast på to måtar:

1) Høyanger må avvise å gje støtte til at utbyggjar (Hydro mfl. eller Fred. Olsen) sender melding til NVE om å starte opp behandling. Eller sagt på ein annan måte: La vere å be NVE ta melding/søknad til behandling.

2) Om så gale skulle skje at NVE tek det som kjem frå utbyggjar til behandling, må kommunen stoppe utbygginga ved at det ikkje blir sett av areal/område til vindkraft.
«Vi må ha konsekvens-utgreiing» har blitt svaret frå parti som før valet ikkje vil seie tydeleg kva dei meiner om vindkraft på Snøheia. Også ordførar Petter Sortland, som innerst inne er vindkraft-motstandar, seier dette. I eit lesarinnlegg i Ytre Sogn spør han; «Er kunnskap farleg?».

Sortland hadde lenge eit heilt tydeleg nei til vindkraft, men kom i spagat ut på hausten i fjor når Hydro begynte å rasle. Korkje hans nei eller hans spagat, tyder på mangel på kunnskap om vindkrafta  sine verknader på natur og miljø.

Før eller seinare må ordføraren oppigjen av spagaten og seie ja eller nei til vindkraft-utbygging, anten det er frå Hydro mfl. eller frå Fred. Olsen si side. Dei andre listetoppane, utanom Høgre, var tydelege om dette på møtet på Viksdalen søndag. Unntaket var SP v/ Geir Helge Østerbø som vrei seg unna å ta stilling til Fred. Olsen sin plan av 2019.

Å be om konsekvensutgreiing / seie ja til konsekvensutgreiing, er mest truleg ei avsporing. Det er ei avsporing, fordi: Saka handlar ikkje om ja eller nei til konsekvens-utgreiing. Saka handlar korvidt kommunen skal be NVE ta vindkraftutbyggjar si melding om utbygging til behandling eller ikkje. Det er der og då dei politiske partia, inkludert ordføraren og hans AP, må stå ved sine tidlegare standpunkt og vedtak; dvs. gå mot behandling. Dersom partia ikkje set foten ned, har dei opna døra på gløtt for utbygging.

Så vidt vi kan hugse var det Høgre sin ordførar-kandidat, Hroar Holm Carlsen, som i lokalavisa Ytre Sogn 26. mai lanserte konsekvens-utgreiing som debatt-tema. Han skreiv det slik: «Det fornuftige valget er å si ja til å få fakta på bordet, eksempelvis konsekvensutgreiing av vindkraft på Snøheia, og så etterpå ta stilling til om fordelene er større enn ulempene».

Dette er kamuflasje frå Holm Carlsen si side. I januar sa begge Høgre-representantane i Høyanger ja til vindkraft (Bergens Tidende 20. jan.). Då hadde partiet Høgre tydelegevis nok kunnskap til å ta standpunkt. Det skjedde til og med før det kommunale folkemøtet 23. januar der kunnskapar frå Hydro og Eviny på den eine sida og oss vindkraft-motstandarar på den andre, blei tilgjengeleg for dei rundt 300(?) frammøtte og dei sikkert like mange som såg «streaminga».

Det var også i samband med dette folkemøtet at Hydro-sjefen Eivind Kallevik sa at Hydro ville satse på Høyanger uavhengig av vindkraft-prosessen. Hydro Høyanger sitt høge million-overskot 1. halvår vil neppe undergrave slik vilje.

Når du Holm Carlsen ikkje mangla kunnskap i januar; kva har du mist på vegen? Ver heller ærleg og sei heller at du vil ha ja til vindkraft enn gå rundt grauten med eit ja til konsekvensutgreiing. Eller aller helst, bli med og stå opp for natur, miljø, friluftsliv, bulyst, beiteområde og allemannsrett.

Einar Rysjedal
Raudt