Stansar aktiviteten ved verftet i Leirvik


Havyard stansar no aktiviteten ved verftet i Leirvik, som følgje av det siste koronautbrotet i kommunen.

Det skjer dagen etter at det vart meldt om tre nye tilfelle av Covid-19-smitte i Hyllestad kommune.



Sist veke vart det påvist eit tilfelle av smitte hos ein tilsett ved New Havyard Technology.

Også dei tre siste er knytt til verftet i Leirvik. Alle dei 
smitta er no i isolasjon, og det er sett i gong smittesporing.

Det er førebels avdekka 53 nærkontaktar, og alle sit i karantene.

– Verftet i Leirvik vel difor å stanse aktiviteten som eit strakstiltak, slik at ein kan få kartlagt situasjonen og sette i verk ytterlegare tiltak for å stoppe smittespreiing, seier dagleg leiar Erlend Hatleberg ved New Havyard Ship Technology i pressemeldinga.

Han seier vidare at dei jobbar tett saman med smittevernlegen, bedriftshelsetenesta og kommuneadministrasjonen, og arbeidet vil halde fram utover dagen og kvelden.

Som Ytre Sogn meldte tysdag kveld vart også barnehage og skule i kommunen stengd frå i dag onsdag som eit «føre var»-tiltak.