Professor Anette Bøe Wollf frå Leirvik får no internasjonal merksemd for si forsking på samanhengane mellom cøliaki, eit protein som finst i kumjølk, og emaljeskadar. (Foto: UiB)

Banebrytande forsking frå Leirvik

Anette Susanne Bøe Wollf frå Leirvik er ein sentral del av teamet som no har funne nye samanhengar mellom cøliaki og tannhelse.


Anette Susanne Bøe Wollf har sidan sommaren 2020 hatt tittelen som professor, og er ekspert på autoimmune sjukdomar som type 1 diabetes, multippel sklerose, psoriasis, leddgikt og cøliaki. Felles for desse sjukdomane er at kroppen sitt immunforsvar ikke berre reagerer mot stoff utanfrå, slik det skal, men også mot stoff som høyrer heime i kroppen.

Ho byrja for 15 år sidan på eit forskingsprosjekt som har hatt ei lang reise, og som har enda opp som eit internasjonalt samarbeid som har vekka oppsikt i forskarmiljø verda over. Resultata i forskingsprosjektet vart og publisert i Nature 22. november, eit britisk tidsskrift som har kome ut sidan 1869, og som blir sett på som svært prestisjefylt å få publisere i.

Internasjonalt samarbeid
Så kva er det Bøe Wollf og kollegaane hennar har funne ut? Forskinga deira viser at menneske med cøliaki reagerer på proteinet kappa-kasein, som finst i kumjølk, og at det fører til emaljeskadar.

– Gruppa vår ved Universitetet i Bergen har samarbeida med forskarar i Tsjekkia og i Israel, og vi har nytta oss godt av ekspertisen som dei ulike involverte har. Vi hadde til dømes aldri kome fram til desse resultata utan bidraget frå gruppa i Israel, som har nokre forskingsteknikkar som vi ikkje har her hos oss. Dei nyttar i stor grad mus i sine eksperiment, medan vi her i Bergen har samarbeida med ein tannlege og ein lege og kartlagt norske cøliakipasientar som ein del av studien.

Og det samarbeidet har bore frukter, for det er første gong at ein har vist at emaljeskadar kan skuldast ein autoimmun sjukdom.

Bøe Wollf (i forgrunnen) på laben i Bergen saman med kollegaane Bergithe Oftedal og Marie Karlsen. (Foto: Privat)

Håpar på negativt resultat
I Norge har omlag 1,5 prosent av innbyggjarane cøliaki som gjer ein overfølsom for gluten, og som kan føre til mange ulike helseplager, særleg knytt til tarmen. Gluten finn ein i kveite, og no kan det kanskje vere at dei med cøliaki og må vere obs på at kumjølk kan ha ein skadeleg effekt på kroppen.

– Sjølv om vi har funne ein samanheng mellom kappa-kasein proteinet som finst i kumjølk og emaljeskadar hos dei med cøliaki betyr ikkje det automatisk at vi kan slå fast at kumjølk er skadeleg for emaljen til denne gruppa. Det blir nok neste steg for oss å forske på, og det er nok mange andre forskingsmiljø rundt om i verda som og kjem til å plukke opp denne tråden og forske vidare på dette basert på våre resultat. Eg håpar vi finn ut at kumjølk er trygt for dei med cøliaki, for dei har meir enn nok å tenke på rundt kosthaldet sitt frå før.

Forskar mest på monogen sjukdom
Bøe Wollf tok ein master i molekylær biologi i 2000, og ein doktorgrad i 2005. I motsetning til sine israelske kollegaer jobbar ho stort sett med menneske, og då særleg med ei heilt spesifik gruppe med ein ytterst sjeldan sjukdom som har det klingande namnet autoimmunt polyendokrint syndrom type 1 (APS 1).

– For dei fleste autoimmune sjukdomane er det fleire gener og faktorar som kan spele inn, men APS 1 er ein monogen sjukdom, noko som vil sei at mutasjon i eit gen er nok til å utvikle sjukdomen. Det gjer det langt lettare for oss å isolere faktorar  og prosessar, og sjå korleis immunforsvaret angrip kroppen, og korleis vi eventuelt kan stoppe det.

Når Bøe Wollf finn samanhengar hos dei med APS 1 kan dei teste om dei same samanhengane også gjeld for andre autoimmune sjukdomar.

– Ein kan godt sei at vi byrjar med ein sjeldan og genspesifikk sjukdom som berre ein av 80 000 personar får, og så får vi relevant kunnskap der som kan overførast til langt større pasientgrupper med eit meir komplekst genetikkbilde som til dømes dei med cøliaki. Det er ein god modell å jobbe etter når det kjem til forsking på autoimmune sjukdomar. 

Balansegang
Bøe Wollf har ein hektisk kvardag som busett i Leirvik med familie beståande av mann og fire barn, der tre av dei bur heime, og arbeidsstad i Bergen. Men med god struktur – og ei mor som er fleksibel og som stiller mykje opp – går logistikkabalen opp.

– Eg jobbar omlag halvparten av tida mi i Bergen og halvparten på heimekontor i Leirvik. Når eg er heime gjer eg typisk kontorarbeid og gjennomfører møter over nettet, medan eg i Bergen er på laben og gjennomfører fysiske møte, mellom anna med studentar som eg rettleiar. Eg merkar stor forskjell på før og etter koronaen, for no er folk langt meir vant til nettmøter, noko som er ein kjempefordel for meg i min livssituasjon.

Men sjølv om professortilværet i Bergen let seg kombinere med å vere busett i Leirvik er det enkelte ting Bøe Wollf må gi avkall på.

– Nokre ting er det betre å ta med personleg frammøte som innleiande møte med potensielle framtidige samarbeidspartar, eller deltaking på konferansar. Nokre gongar går det tog grunna at eg ikkje kan vere fysisk tilstade, men alt i alt er det ikkje noko problem å vere busett i Leirvik samstundes som ein driv med forsking på internasjonalt nivå.

  Autoimmune sjukdomar

  • I kroppen finst det spesialceller som dannar stoff som hjelper mot infeksjonar. Desse stoffa vert produsert av ein spesifikk type immuneceller i lymfevevet. Stoffa som vert produserte vert kalla antistoff. Antistoff har ei rekke spesialiserte funksjonar, men deira hovudfunksjon er å verne kroppen mot mikrobar, som til dømes bakteriar og virus. Når slike mikrobar trenger inn i kroppen, vert dei identifiserte og immunecellene lagar antistoff skreddersydde for å angripe den inntrengande mikroben. Saman med dei kvite blodcellene går dei til åtak mot mikroben og øydelegg den. Denne prosessen tek nokre dagar. Om den same mikroben seinare trenger inn i kroppen, er antistoffa ferdigkonstruerte og vert masseproduserte for å gå til umiddelbar åtak. Autoimmune sjukdommar oppstår som følgje av at kroppen feilaktig byrjar å produsere antistoff som angrip kroppens eigne friske celler og vev - om og om att. Det finst meir enn 100 sjukdommar av autoimmun karakter, mange av dei med overlappande symptom.

    Kjelde: nhi.no