Havyard Leirvik har fått dispensasjon i arealplanen til å legge ut ei 176 meter lang flytedokk utanfor verftet i Leirvik.

Havyard vil ha flytedokk på 176 meter

Havyard Leirvik fekk ja til dispensasjon i arealplanen i Utval for plan og samfunn i Hyllestad på tysdag.


Havyard har søkt om å få legge ut ei flytedokk i fjorden utanfor verftet i Leirvik. Dokken er på heile 176 gongar 36 meter, og kommunedirektøren si tilråding i saka var å gi dispensasjon frå vassareal for ålment fleirbruksføremål i kommuneplanen sin arealdel.

Dette vedtok Utval for plan og samfunn samrøystes.

I søknaden skriv Havyard følgande:

«Flytedokk vil vere viktig for å sikre fleksibilitet og utnytting av produksjonskapasiteten ved verftet. Service- og vedlikehaldsoppdrag av kortare varigheit kan utførast i flytedokk, medan meir langvarige ombyggings- og nybyggprosjekt vert utført i eksisterande innebygde tørrdokk. Verftet vil og kunne ta inn større båtar enn kva som er tilfellet med eksisterande dokk, noko som opnar for andre marknadar og sikrar langsiktig stabil aktivitet.»

Uttalar
Og det er ikkje få instansar som skal uttale seg når ein skal legge ut noko slikt. Dokken skal festast i havbotn med anker og fortøyingsboltar, og Fiskeridirektoratet, Kystverket, Vestland fylkeskommune, Norges vassdrags- og energidirektorat og ikkje minst Statsforvaltaren i Vestland har alle kome med uttalar. I tillegg har det vore høyring, med merknadar frå naboar.

Området dokken skal ligge i er eit registrert gytefelt for torsk, noko som gav Fiskeridirektoratet grunn til bekymring.

– Fiskeridirektoratet er uroa for at den omsøkte flytedokken kan medføre m.a. utslepp og spreiing av partiklar i gytefeltet. Det gjeld både i utbyggingsfase og driftsfase. Det vil kunne få negative følgjer for gytefeltet, skriv dei i sin uttale.

Direktoratet rår ifrå at kommunen gjev dispensasjon, men i sitt svar har kommunedirektøren vanskeleg for å sjå kva partiklar det er snakk om.

– Dette er ein ferdig bygd flytedokk som vil bli slept på plass, og fortøydd med anker og boltar, skriv han, og peiker også på at dokken vil ta ein veldig liten del av det registrerte gyteområdet.

– Området er i dag tungt industrialisert med blant anna tørrdokk, kraner, kai, med meir, og det ligg store båtar til kai for utrusting. Vi kan ikkje sjå at det omsøkte tiltaket medfører ei større forringing for gytefeltet enn det gjer allereie i dag. Samla sett vert det vurdert at omsyna til gytefeltet for torsk ikkje vert vesentleg tilsidesett, skriv kommunedirektøren vidare.