Hege Rusti svarar på Einar Rysjedal og Raudt sin ytring.

Raudt og mindreløns­utviklinga til lærarane


Einar Rysjedal i partiet Raudt går ut i avisa Ytre Sogn og kritiserer Ap for ikkje å ville gå med på kronetillegg, eg kan ikkje la dette stå utan å svare Raudt. I fjor var vi gjennom den lengste lærarstreiken nokosinne, og dersom KS held fram med å nedprioritere denne gruppa vil vi ende ut i ein ny storstreik, noko vi ikkje ønskjer. KS sendte ut eit debatthefte til kommunane og ba politikarane prioritere, og det var det Ap, Sp og Høgre gjorde. Desse prioriterte dei gruppene som kom dårlegast ut i fjor. Tusen takk for det!

Så er tala for fjorårets lønsoppgjer kome. Dei viser at lærargruppene fekk 3.3% i lønsoppgjeret, medan andre kommunetilsette fekk 3.9%. Dei andre kommunetilsette kom ikkje så dårleg ut, med unntak av lærarane. Rysjedal argumenterer for å tette lønsgapet mellom dei som har høgre utdanning og dei som ikkje har det. Eg har ikkje tenkt å setje grupper opp mot kvarandre, men peike på kvifor forslaget til Rysjedal er svært dårleg for lærargruppene. I argumentasjonen sin meiner han at det er rett å tette lønsgapet i kommunen, men då er det eit par ting Rysjedal ser ut til heilt å ha gløymt. 

For det første er det krav om master i lærarutdanninga, dette fører til at ein nyutdanna lærar startar med eit studielån på mellom 400 000 og 500 000,- Dette skal nedbetalast samstundes som ein skal inn på bustadmarknaden. Det andre er at lærarane har vore lønstaparar sidan vi vart overført til KS. Skulle vi tatt igjen det tapte måtte vi hatt 20% lønsauke. Når Rysjedal held fram med å foreslå kronetillegg vil han også halde fram med å forsterke mindrelønsutviklinga til lærarane. 

Konsekvensen av Rysjedal og Raudt sin iver etter kronetillegg er at utdanning ikkje skal lønne seg. Er det verkeleg Raudt sin politikk? TBU-tala viser òg at lærarar med fire år eller meir utdanning frå universitet og høgskular tener over 300 000 mindre enn tilsette med tilsvarande utdanningslengde i industrien. Korleis tenker då Rysjedal og Raudt at vi framover skal greie å rekruttere og halde på kvalifiserte lærarar? Er det rein idealisme Rysjedal meiner skal syte føre at elevane våre har godt utdanna og dyktige lærarar? 

Hege Rusti
Fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet, lærar og representant for Ap i Høyanger