Ytring frå leiar i Raudt Høyanger, Einar Rysjedal.

Korfor ikkje redusere lønsforskjellar?


Lønsforskjellane mellom dei kommunalt tilsette må reduserast. Forskjellane er for store mellom kommunedirektørar, kommunalsjefar og andre «der oppe» på den eine sida og reinhaldarar, helsefagarbeidarar og assistentar på den ande sida. Dette vil Raudt gjere noko med.
 
«Tariffoppgjer må minske lønsforskjellane og dette må om nødvendig gjerast gjennom kronetillegg.» I 2022 stemte eit samla Høyanger formannskap for dette forslaget frå Raudt Høyanger. Det betyr at også AP og SP stemte for dette. Det var gledeleg at Høyanger kommune gav dette tydelege signalet til arbeidsgjevar-organisasjonen Kommunenes Sentralforbund.
 
Men slik gjekk det ikkje i år. No var det kommunestyret som behandla opplegget for lønsoppgjera i Kommune-Norge. Det skjedde på kommunestyremøtet 16. feb. Berre SV stemte for Raudt-forslaget.  Det var nedslåande, og dermed blei forslaget nedstemt.
 
AP argumenterte mot kronetillegg. Raudt-forslaget sa kronetillegg «om nødvendig» - fordi dersom lønsforskjellane ikkje kan løysast med ulike prosenttilegg, må det nødvendigvis bli slik.

Prisveksten eksploderte i fjor og blei på heile 5,8 prosent. Nesten alle får dermed reallønnsnedgang, sjølv om lønsauken i gjennomsnitt var noko høgare i fjor enn dei siste åra (4,6 %). Men vi vil understreke at 4,6 % var gjennomsnitts lønsauke. Det dekkar over store forskjellar; helse- og sosialarbeidarar fekk berre 3,6 prosent, medan tilsette i oljesektoren fekk 7,6 % lønsauke!
 
Mange av desse helse- og sosialarbeidarane arbeider i Kommune-Norge og dermed og i Høyanger kommune. Dei får dermed 5,8 minus 3,6 = 2,2 prosent reallønnsnedgang. Dette er eit eksempel på kva Raudt Høyanger ville til livs med sitt forslag.
 
Men også prisveksten på 5,8 prosent er eit gjennomsnitt. Prisveksten på mat var 6,5 % og på straum 19 %. «Vanlige folk», som det heitte i AP sin valkamp, brukar ein mykje større andel av si løn på heilt nødvendige varer enn dei rike gjer. Når ein tek omsyn til kva folk faktisk brukar pengane sine på, er det opplyst at prisveksten reellt sett var 6,8 prosent for dei som har minst frå før, og 5,3 prosent for dei på toppen.
 
For Raudt er dette ein del av kampen mot dei aukande klasseforskjellane i landet vårt. Auken ser ut til å bite seg fast – trass i ei litt meir venstreorientert regjering av AP og SP. Raudt har framleis eit håp og krav om at lønsoppgjera i Kommune-Noreg vil gje utjamning av lønsforskjellane og eit snev av sosialisme her i landet.

Einar Rysjedal, Raudt Høyanger