Raudt sin skulepolitikk


Det er kjekt å høyre at Høyanger Arbeidarparti er oppteken av barn og unge sine oppvekstvilkår i heile kommunen, gjennom lesarinnlegget til Hege Rusti «Skule og oppvekst i Høyanger kommune». Det trur eg alle partia som stiller til val i Høyanger er, men vi har ulike måtar å løyse det på. Så derfor ønsker eg å kommentere nokre av sakene Rusti legg fram.

«Vi ønskjer desentraliserte skular, for vi veit at det beste er å gå på ein skule nær heimen» skriv Rusti. Eg saknar konkrete tiltak Arbeiderpartiet går til val på i lesarinnlegget hennar. På kommunestyremøtet 15.juni i år stemte kommunestyret for å utsette saka om stenging av Vadheim skule; «Kommunestyret vedtek å oppretthalde tilbodet ved Vadheim oppvekstsenter ved skulestart 2023-2024. Politiske saker som gjeld skulestruktur eller mellombels flytting av elevar skal som prinsipp leggast fram til handsaming i minimum 5 månader før iverksetting». Dette betyr at saka om Vadheim Skule kan komme på bordet til det nye kommunestyret allereie på nyåret.

Kva vil AP gjere då? 

Vi i Raudt ønsker å oppretthalde skulestrukturen, men barnetala er låge i heile kommunen. Derfor ønsker vi i Raudt å tenke utanfor boksen. La ungane ha skulen nær seg som ein base, men ha samarbeid på tvers av skulekrinsane, fordi det sosiale er svært viktig for utviklinga til barna våre. Einar Rysjedal la på vegne av Raudt fram denne saka som forslag på same kommunestyremøte; «Kommunestyret pålegg kommunedirektøren å leggje fram ei sak for Utval for oppvekst om korleis ein i samarbeid med oppvekstsenteret og skulane kan kome fram til eit samarbeid over krinsgrensene som kan styrke miljøa for læring og sosiale relasjonar.» Berre Raudt og SV stemt for dette forslaget. 

Så kva konkrete tiltak tenker du, Hege Rusti og Arbeidarpartiet, å sette i gong? Det byrja i år under 20 elevar i 1.klasse i heile kommunen. Å la både Bjordal, Lavik, Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim skule gå slik som dei alltid har gjort, er ikkje sosialt berekraftig for elevane. Vi i Raudt har i alle fall tru på at elevane på tvers av skulekrinsgrensene har godt av meir sosiale aktivitetar saman i skuletida, samstundes som dei går på nærskulen sin. 

Vidare skriv Rusti at Arbeiderpartiet ikkje vil ha leksefri skule, men at dei har tiltru til lærarane på skulen. Vi i Raudt har og stor tiltru til lærarane, men mykje forsking tyder på at leksefri skule er ein meir rettferdig skule. Det er politikarane sitt ansvar å legge til rette for at lærarane og elevane får ein best mogleg arbeidskvardag. Utdannings-direktoratet skriv; «Elever med lav sosioøkonomisk bakgrunn lærer ikke like mye gjennom lekser som andre elever». Det betyr at ikkje alle barn har like moglegheiter til å lukkast i skulen. Dette blir og bekrefta av Statistisk Sentralbyrå som skriv: «Lekser gir ikke elever med lavutdannete foreldre bedre skoleresultater. Lekser hjelper kun elever med høyutdannete foreldre. Skoleklasser som får lekser, har større forskjeller i elevprestasjoner enn leksefrie klasser». Vi i Raudt kjempar mot Forskjells-Noreg, og vi må føre ein politikk som gjer at barna våre har like moglegheiter til utdanning.

Ei stemme til Raudt er ei stemme til ein rettferdig skulepolitikk. Vi ønsker at alle skal ha like moglegheiter til å lukkast på  skulen. Vi vil og kjempe for den desentraliserte skulestrukturen, men med nye løysningar som gjer at elevane kan utvikle seg sosialt og fagleg samstundes som dei går på nærskulen sin. 

Vi treng di stemme og du treng vår stemme inn i kommunestyret!

Hedda Andrine Skår Indrebø 
2. kandidat Raudt Høyanger