Meteorologisk Institutt har i dag oppgradert farevarselet sitt frå gult til raudt nivå for Høyanger kommune i samband med at ekstremvêret som har fått namnet Jakob er på veg. NVE har også oppdatert sitt farevarsel for jord- og flaumskredfare.
Det er venta heile 111 mm nedbør torsdag. Med ein alt høg vasstand i bakken, og temperaturstigning i kombinasjon med sterk vind, vil det i tillegg til regnet bli snøsmelting i fjellet. Myndigheitene fryktar derfor at det vil bli svært mange skredhendingar. For meir informasjon, sjå varsom.noOppgradert til raudt farevarsel
Ekstremvêret Jakob er på veg.