Farevarsel for snø og snøras i ytre Sogn

Snøen lavar ned, og det er gult farevarsel for snø i Hyllestad og raudt farevarsel for snøras i Høyanger.


Nord i Sogn og Fjordane er det dei neste dagane venta mellom 20 og 50 centimeter med snø. Lokalt kan det komme endå meir.

I Hyllestad er det i dag, fredag, gult farevarsel grunna dei store snømengdane.

I Høyanger er det blitt utstett raudt farevarsel for snøras fredag, og gult farevarsel for snøras fredag.

– Folk må ha i tankane at det blir ein god del vêr, seier meteorolog Anne Solveig Andersen ved Meteorologisk institutt til NRK, og det er venta forseinka fly- og ferjetrafikk.