No er Høyanger Hotel seld


- Vi kjem til å ta tilbake det gamle namnet, Eide´s Hotel, seier sogndølen Jon Erik Brox Holme. Han har no kjøpt det tradisjonsrike hotellet i Høyanger sentrum.

Det gjorde han sist veke, med forretningspartnarane Idar Kollsete og Leiv Dag Hollekve, også dei frå Sogndal. Saman har dei oppretta selskapet Storgata 21 Eides AS.

Framleis hotell

Og dei tre er ikkje ukjende med eigedomsmarknaden i Høyanger. Nokre år tilbake sat dei som eigarar av Elvegata 22, der NAV Høyanger no held til, men selde det etter kvart vidare til Høyanger Bustadstifting.

- Kvifor valde de å kjøpe hotellet? - Vi driv ein god del med eigedom, blant anna leilegheiter og hyblar, og følgjer med på det som skjer på marknaden rundt om. Og dette er jo ein flott eigedom, og eit ærverdig bygg, sentralt plassert i Høyanger. Nokre vil kanskje seie at no ikkje er tida for å investere i hotell. Men vi tenkjer motsett, og hadde ikkje gjort det om vi ikkje hadde hatt trua på det, seier Holme til Ytre Sogn.

- Kona mi er dessutan frå Høyanger, så eg har også ei viss tilknyting til staden, legg han til.

- Og planen er å drive vidare som hotell? - Når vi har gjort dei naudsynte oppgraderingar er det planen, ja, svarar Holme.

Litt under takst

Dei legg imidlertid opp til ei gradvis opning, og ser føre seg å byrje med pub og utleige til selskap.

-Hotellet har jo vore mykje brukt til bursdagar, gravferder og liknande, og det er planen å fortsetje med. Men først er det altså ein heil del som må gjerast med bygget, seier han.

På spørsmål om kven som skal drive hotellet, svarar han at dei er opne for å leige det ut.

- Ikkje noko hadde vore betre om vi hadde fått nokon lokale til å drive det. Så om det er nokon som kan vere interesserte i det, er det berre å ta kontakt, seier han, og røper at dei allereie er i gang med å sondere på marknaden.

I salsoppgåva var hotellet taksert til 1,6 millionar kroner. Holme seier at dei enda opp med å gje litt under den summen.

- Ein eigedom er ikkje verdt meir enn det marknaden er villig til å gje for den, og i Høyanger er det låge prisar. Men så vil det også medføre betydelege kostnader å oppgradere det, understrekar han.