Utstillarane strøymer på til Høyangerdagane, men ikkje alle har ein plass å sette produkta sine. Derfor har Høyangerdagane sjølv snikra salsbodar, og til det har dei fått god hjelp.
– Vi tenkte at dette kunne vere eit sosialt og engasjerande fritidstilbod for flyktningar, så med hjelp frå Rønnaug Meek i Høyanger Frivilligsentral har vi fått organisert fire samlingar dei siste to vekene der knappe ti flyktningar har vore med og laga bodar. Det fortel Sigrid og Kjell-Arve Kvamme i Høyangerdagane, som og kan melde om stor arbeidslyst og kjempestemning under arbeidet. – Det å gjere noko nyttig, og sjå eit konkret resultat av eige arbeid, er alltid givande, og kanskje særleg for flyktningar som kan få litt innhaldslause dagar langt frå eigen heimstad. At det heile vart eit trivselsprosjekt kan det ukrainske søskenparet Yuliia og Oleksander Hrytsenko som var med på bygginga stadfeste. – For meg vart dette den første gongen eg brukte ein drill, så det var jo litt artig. Elles er det veldig fint å ha noko å fylle dagane med. I kvardagen har vi stort sett berre skule og språkkaféen som vi deltek på, så det kan bli litt tomt, seier Yuliia.

Liten fabrikk
Høyangerdagane tok først kontakt med Høyanger kommune for å høyre om dei hadde ein stad dei kunne jobbe, men dei enda til slutt opp i Fundobygget, der dei vart tekne i mot med opne armar. Med såpass mange i sving organiserte dei arbeidet som ei produksjonslinje i ein fabrikk, der ulike personar hadde ulike oppgåver.