Øyvind Fjelde (f.v), Ole Ivar Luggenes, Astrid Henden, Arild Ullebø og dei andre i Lo i Ytre Sogn håpar at så mange som mogleg blir med under 1. mai-markeringa i Høyanger også i år.

Fagforeiningsleiar med stort engasjement til Høyanger

Lo i Ytre Sogn planlegg å markere 1. mai som normalt i Høyanger. Til industribygda kjem ein fagforeiningsleiar frå Bergen for å tale.


Tradisjonen tru blir 1. mai markert i Høyanger med tog, appellar og tale.

– Det blir eit tradisjonelt opplegg. I år er 1. mai på ein torsdag, så det kan jo vere moglegheiter for ei langhelg for enkelte, men vi håpar at så mange som mogleg blir med både i toget og for å høyre på det som blir sagt på bytorget.

Det seier Øyvind Fjelde, Ole Ivar Luggenes, Astrid Henden og Arild Ullebø i styret til Lo i Ytre Sogn til Ytre Sogn.

– Vi har invitert dei lokale partia på venstresida til å halde appellar, og har fått tilbakemelding om at i alle fall Arbeidarpartiet og Raudt vil stille med representantar.

Sara Bell er fagforeiningsleiar og politikar. 1. mai talar ho i Høyanger (Foto: SV)

Bell hovudtalar

Høyanger er kjent for å vere ein stad der det blir halde gode talar frå engasjerte og kunnskapsrike talarar 1. mai, og mange ønsker også sjølv å komme til staden på denne merkedagaen for arbeidarrørsla.

– I år er det Sara Bell som kjem for å tale. Ho skulle eigentleg tale for eit par år tilbake, men da kom det noko i vegen, så det er kjekt at ho endeleg kan komme hit til oss for å snakke om det ho er opptatt av.

Bell er for tida regionsekretær i Fagforbundet Vestlandet, og har tidlegare vore leiar for Fagforbundet Bergen. Ho er også politikar i SV og stortingsvara, og har bakgrunn som miljøarbeidar i akuttbarnevernet og som feltarbeidar i Utekontakten i Bergen.

– Bell er ein veldig flink talar, så vi ser fram til å høyre kva ho har å meddele oss i Høyanger. Ho er opptatt av urettferd og forskjellar i samfunnet, og har også hatt eit årelangt engasjement for Palestina.

Parolar

Hovudparole:

Begrens krafteksport og nettleige – BRUK KRAFTA HER!

 

Bygg ny elektrolysehall

Stopp folkemordet – Israel ut av Palestina

Nei til sosial dumping

Ingen amerikansk militærbase i Noreg i fredstid!

Russland ut av Ukraina – respektèr folkeretten

Lovfesta rett til heiltid

Faste tilsetjingar – nei til innleige

Fjern lønnsforskjellar mellom kvinner og menn

Nei til vindkraft

Straumpris for vanlege folk og
samfunnsinteressenter

 

Held på parolar

Når det gjeld årets parolar som ein kan stille seg bak i toget  er det meste som det har vore dei siste åra. Det er det ein god grunn for.

– Dette er viktige saker, og sjølv om parolar som «Bygg ny elektrolysehall» har vore med i toget i ei årrekke vil vi ikkje gi slipp på den før den faktisk blir ein realitet. Det er mange kampsaker her som vi ikkje kan gi oss på, og mange viktige bodskapar som må repeterast.

Ein av parolane som det har vore mest diskusjon rundt internt i LO lokalt er «Nei til vindkraft».

– Vindkraft er eit polariserande tema her i Høyanger, og det er langt frå alle medlemmane våre som er mot lokal vindkraftutbygging, noko som mellom anna har kome fram gjennom avstemmingar som har vore. Men det er sånn at ein ikkje treng å vere einig i alle parolane som er med i eit 1. mai-tog. Ein står fritt til å stille seg bak den parolen som er viktigast for seg.