«Forstår fylkesadministrasjonen politiske vedtak?»

Uttale om justeringssaka frå ATV UDF ved Høyanger vgs. og ordførar i Høyanger Kommune


Som tillitsvald ved Høyanger Vidaregåande Skule, og ordførar i Høyanger Kommune les vi direktøren sitt framlegg i justeringssaka med undring og overrasking. Den evige kampen vi kjempar mot administrasjonen i opplæringsavdelinga i Vestland Fylkeskommune er tydelegvis ikkje slutt, og det følast rett ut urettvis den behandlinga vi gang på gang skal måtte tole. Når vi les justeringssaka undrar vi oss om dei som sit med dette i administrasjonen i heile teke veit kva dei politiske vedtaka som er tatt på førehand seier, eller om dei berre vel å sjå vekk frå dei.

Som kjend er det vedteke at Høyanger Vidaregåande skule skal leggast under Førde VGS 01.01.2026. Det er politisk vedteke at tilbodet ved Høyanger skal utlysast i tråd med samarbeidsavtalen mellom skulane. I verbalpunkt 4 til vedtaket står det at modellen mellom Førde og Høyanger skal vere ein foregangsmodell som dei håpar andre skular kan følgje i framtida.  Har direktøren og administrasjonen tatt dette vedtaket inn over seg når dei vel å ikkje starte opp fleire klassar ved Høyanger vgs? I Høyanger har vi vore klare på at vi må omstille oss, og gjere vår beste for at overgangen til ei å bli ei avdeling under Førde VGS skal bli god for elevar og tilsette. Vi hadde håpa at opplæringsavdelinga ville hjelpe oss å få til ein god overgang, eller i det minste gje oss ro. Forslaget frå direktøren syner ikkje respekt for alt det arbeidet som allereie er gjort i samband med samanslåinga, og heller ikkje respekt for vedtaka som ligg føre.

For skuleåret 25/26 vart det lyst ut ei halv klasse på vg 1studiespesialiserande i Høyanger. I prognoseinntaket var det tatt inn 7 elevar ved denne halve klassen, som er det same som starta på vg1 hausten 24. Klassen som skal ta til på vg1, er den første som skal ta delar av opplæringa si i Førde. Denne klassen er viktig for å prøve ut den nye modellen. Dette slår direktøren beina under når han foreslår å ikkje starte opp klassen.

For skuleåret 25/26 vart det lyst ut ei halv klasse på påbygg til generell studiekompetanse. I prognoseinntaket var det tatt inn 13 elevar. Men, administrasjonen foreslår at denne ikkje skal startast opp. Altså, dei må opprette ei klasse ein annan stad. Så også her slår administrasjonen beina under skulen i omstillingsfasen. I justeringssaka legg direktøren det fram som at påbygg i Høyanger måtte vere i kombinasjon med vg 1 studiespesialiserande, noko som ikkje var det politikarane vedtok, eller det som var lyst ut. Påbygg var lyst ut som eige tilbod, ikkje ein kombinasjonsklasse. 

For skuleåret 25/26 vart det lyst ut ei halv klasse på vg2 Kjemiprosess og laboratoriefag, og ei halv klasse Industriteknologi, med 8 elevplassar i kvar gruppe. I progonoseinntaket var det tatt inn 8+4 elevar. Det vil si full oppdekning på ‘Kjemi og prosess’. Denne klassa ønsker ikkje administrasjonen å starte opp, og aukar heller Kjemiprosess og laboratoriefag til ei heil klasse ved Årdal vgs., og fjerner dermed tilbodet i inntaksregion Sunnfjord, noko som er særs kritisk for industrien i regionen. Høyanger har brukt mykje ressursar på å starte opp dette tilbodet ved skulen, og ein må kunne forvente meir utholdenhet  frå administrasjonen side, og gi den meir tid ein eitt år til å få godt fotfeste, slik at den i framtida kan serve industrien i heile regionen. Om ein ser søkartala i år i samband med søkartala i fjor, er det fleire som har denne linja som val nr 2 og 3 enn det var sist. Dette syner at elevar byrjar få augene opp for den. Klassen vart inneverande år fylt opp med 14 elevar på 8 plassar! Når det gjeld vg 2 industriteknologi, er dei fire elevane som skal ut i lære like viktige for f.eks Hydro Aluminium, som om dei var 8. I justeringssaka står det at ein skal lyse ut etter næringslivet sitt behov. Korleis næringsliv? Berre visse stader? Høyanger er del av Grøn Region Vestland (eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg), og BØR ha tilbod som kan serve industrien i Høyanger og regionen elles.

Høyangersamfunnet er eit lite samfunn, men her skjer mykje positivt. Bedriftene er avhengige av elevane skulen sender ut i lære, om det er 4 ,10 eller 15. Direktøren skal vere forsiktig med å slå beina under alt det som byggast opp i Høyanger, ved å fjerne bedriftene sin tilgang til lærlingar frå eigen skule. Når det er bestemt at Høyanger VGS i stor grad skal vere ein yrkesskule, ja, da kan ein ikkje la vere å starte opp desse linjene no i denne fasen. Ta heller ansvar som skuleeigar. Støtt opp om dei politiske vedtaka, og legg til rette for at Høyanger og Førde får eit best mogleg utgangspunkt når dei vert éin skule frå 1 januar 2026.

Ja, Høyanger VGS er også ein liten skule, men som alle veit så er det ein god skule. Vi gjer mykje bra, og vi merkar oss positivt i store samanhengar. Elevane ved skulen er godt samansveisa, og dei trivast godt. Å fjerne rundt 32 elevar, og fleire tilsette, er ikkje noko anna enn ei styrt nedlegging, og totalt manglande respekt for det arbeidet Høyanger og Førde har lagt ned i klargjeringa for at Høyanger skal bli ei avdeling under Førde. Dette bringer oss over på det menneskelege perspektivet. Desse 7 elevane direktøren ikkje ønsker skal få starte opp på vg1 studiespes i Høyanger, dei er det ikkje plass til i Førde. Dei har også krav på å gjere omval. Det same gjeld dei andre elevane der det dei har søkt på ikkje vert starta opp. Førde er vår næraste skule. Når Høyangerelevane søkjer seg dit, vil vi få ei omrokkering av elevar mellom Førde og Florø. I tillegg til dette er det fleire tilsette som vert overtalige i Høyanger som også skal ha jobb. Tenkjer dei på at heile samarbeidet mellom Førde og Høyanger kan ramle saman om dei får det som dei vil? Føler dei noko som helst ansvar for å legge til rette for dei at dei politiske vedtaka vert følgde? Og til slutt, treng dei minnast på at det er deira jobb å gjennomføre det politikarane bestemmer, og ikkje omvendt?

Eva Fredriksen
Tillitsvald for Utdanningsforbundet Høyanger Vidaregåande Skule

Petter Sortland
Ordførar i Høyanger kommune