Gunn Aase Moldestad (t.v.) og Johanne Viken Sandnes tok i mot målprisen på vegne av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Målpris til Sparebanken Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Mållag sin målpris for 2019 er tildelt Sparebanken Sogn og Fjordane.


Grunna pandemi og smittevernrestriksjonar, fekk ikkje mållaget delt ut prisen for 2019 på årsmøtet som var i fjor vår. 

Det skjedde først no i helga. Og den gjekk altså til Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Banken får prisen for sin tydlege språkprofil og for at den ikkje går på akkord med den språklege kulturarven og for at den har synt at nynorsk som forretningsspråk fungerer godt, også i finansmarknaden, heiter det i grunngjevinga for tildelinga.

– Nynorsk har alltid følgt oss som bank og det har vore forretningsspråket vårt heile vegen, sa leiar for Marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes som saman med marknadssjef Gunn Aase Moldestad tok i mot prisen.

Viken Sandnes var også klar på at banken er stolt av å vere med på å syne at nynorsken lever og blomstrar.

– Nynorsken er ein naturleg og viktig del av identiteten vår, og språket bygger opp om kven vi er. Vi set stor pris på målprisen og tek den inn som m

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.