Ungdomslagshuset Valhall i Høyanger er over 100 år gamalt, og alle midlar til renovering kjem godt med.
Tre nye millionar til «Huset i bygda»

Valhall søker gjerne om midlar

Stiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane gjev tre millionar kroner i 2024 til organisasjonen «Huset i bygda».


Med det har banken totalt gjeve 11,5 millionar kroner til renovering av kulturhus rundt i fylket.

I ei pressemelding skriv Sogn og Fjordane Ungdomslag at til dømes Valhall i Høyanger, Klokkargarden på Leikanger og Solhov i Sogndal no kan søke om støtte til renovering, og då Ytre Sogn tek kontakt med Terje Systad i Høyanger Ungdomslag kan han fortelje at dette er gledeleg nytt også for dei.

– Eg var ikkje klar over at det har kome nye midlar i denne ordninga, og at dei no tek imot søknadar, før du ringte meg no. Dette er noko eg skal sjå på så fort eg kjem heim frå jobb.

Systad fortel at Valhall har fått støtte frå «Huset i bygda» tidlegare, og at dei gjerne tek imot meir støtte også no.

– Det er veldig kostbart å gjere utbetringar på eit så gammalt bygg. Eventuelle nye midlar vil bli brukt på å utbetre taket, eit arbeid som vi har starta på, men som ikkje er ferdigstilt. Det er eit gamalt skifertak dette, og spikrane frå 1922 er ikkje akkurat galvaniserte kan du sei, så det er nok å ta tak i her som kostar bra med pengar.

Hindre forfall
I omtrent kvar einaste bygd rundt i fjordafylket finst det ifølge Sogn og Fjordane Ungdomslag lokale kulturhus som har hatt status som anten bedehus, grendahus, samfunnshus eller ungdomshus.

– Det er ingen tvil om at mange av desse husa har stor trong for bygningsmessige endringar for å forhindre forfall. Dessutan er det mange av desse som ikkje har universell utforming, og i den samanheng har vi sett av deler av rammegåva på eit fond, fortel Ida Søderstrøm, som er organisasjonskonsulent i Noregs Ungdomslag.

– No er det opp til eigarane av desse husa å komme seg i søkarposisjon. Dei fleste av desse husa har trong for å bli renoverte med tanke på det bygningsmessige. Det er viktig at husa vert brukte, og då treng dei gjerne oppdatere dei.

Gåve- og samfunnskontakt i stiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane, Yngve Thorsen, saman med Ida Søderstrøm i Sogn og Fjordane Ungdomslag. I 2024 gjev sparebankstiftinga tre millionar kroner til «Huset i bygda».

Viktige møteplassar
Dei aktuelle kulturhusa har vore arena for mykje kultur, men og all slags møteverksemd opp igjennom åra.

I heile Norge finst det meir enn 5000 slike hus, og stiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane håpar også at andre stiftingar blir gjort merksame på denne kultur-ressursen som ligg i desse kulturhusa. Mellom anna har fylkeskommunane i Vestland, Møre og Romsdal samt Trøndelag dei siste åra fått på plass støtteordningar for vedlikehald og drift av husa.

Gjev støtte
Sparebankstiftinga ser på kulturhusa rundt i grendene som ein viktig samfunnsressurs. Mange eigarar gjer ein stor innsats for å ta vare på dei, og dei legg til rette for eit mangfald av kulturaktivitetar i husa.

– Støtte til utbetringar og ombyggingar er viktig å få fram. Dette er kostnadskrevjande og ikkje minst er stor dugnadsinnsats frå eigarane og lokalsamfunn heilt avgjerande for at husa skal vere attraktive møteplassar, avsluttar Søderstrøm.