J13 vann tre av fire kampar, og gjennomførte ei solid kvalifisering på Sande. (Begge foto: IL Høyang)

Fem lag vidare til KM sluttspel

J14, G13, G15, G16 og G19 laga til IL Høyang gjekk vidare til finalerunden i årets Sparebanken Sogn og Fjordane KM for aldersbestemte lag i futsal.


Til Ytre Sogn fortel sportsleg leiar i fotballgruppa Leif Arne Tveit at dei er godt nøgde med innsatsen til alle laga som spelte kvalifisering til sluttspelet i Gaupne og på Sande førre helg.

– J13 møtte ei tøff gruppe og rauk dessverre ut, medan J14 vann tre av fire kampar og gjekk vidare til sluttspelet som finn stad i Trivselshallen på Sandane 2.-3. mars, seier han.

Måtte utsetjast
Han fortel vidare at desse kvalifiseringsrundane eigentleg skulle vore spelt helga før, men måtte utsetjast grunna uvêr og rasfare. 

Blant IL Høyang sine gutelag gjekk G13, G15, G16 og G19 vidare.

– G15 gjorde ein sterk prestasjon i det som var ei tøff gruppe der dei mellom anna slo Sogndal, eit resultat vi er veldig godt nøgde med, fortel Tveit.

Med tre sigrar og eit knepet tap sikra G15 avansement til KM i mars.

Stor aktivitet
Han legg til at sidan gjennomføringa av kvalifiseringa måtte forskyvast så skal ikkje G16 og G19 spele kvalifisering, men er direkte vidare til finalerunden.

– Generelt sett så er det veldig gledeleg at vi har så mange lag vidare til sluttspelet, og spesielt på gutesida i klubben er det veldig mykje bra som skjer heilt frå A-laget og ned til aldersbestemt. I år har vi lag i alle årsklassar der G15/17 også har to lag. Det at vi har så stor aktivitet i fotballgruppa er utroleg positivt.