Forsamlingslokalet på Eikelund var proppa fullt av menneske som var klare for å spreie julestemning da demens- og seniorkoret til Røde Kors organiserte den siste samlinga for året. Leiar i omsorgstenesta til Hyllestad Røde Kors, Ann-Lise Birkeland, kunne melde om eit usedvanleg stort oppmøte.
– Til vanleg plar vi vere ein plass mellom 24 til 30 stykk som kjem og syng, men i dag var vi heile 68 stykk. Vi hadde nemleg invitert med oss dei ukrainske og syriske flyktningane som er i Hyllestad for å vise fram institusjonen vår, og vise fram norske tradisjonssongar, til dei. Hyllestad Røde Kors Omsorg har arrangert demens- og seniorkor kvar tredje veke gjennom heile året der ein gjeng på 6-7 frivillige har stilt opp, spelt piano og gitar, og sunge med. – No nærmar året seg slutt, og det har vore veldig kjekt å kunne komme hit og synge med koret her på Eikelund. Vi i Røde Kors Omsorg hadde også med oss 39 julegåver hit i dag som vi delte ut til dei som har tilknyting til Eikelund, og som dei kan få opne på julaftan, fortel leiaren.
Rekordmange med på kor
Integrering står også Birkeland sitt hjarte nært. Ho er i tillegg til innsatsen i omsorgstenesta også med som koordinator i Røde Kors Flyktningvenn, så for ho var det svært triveleg at ei stor gruppe med flyktningar ønska å vere med på songstunda måndag. – I tillegg til å vere med i Røde Kors Omsorg er eg også ein av to koordinatorar for Røde Kors Flyktningvenn, så integrering og aktivitet for flyktningar er noko eg er veldig opptatt av. Gjengen i koret her tenkte at denne songstunda kunne vere ein fin arena til å vise tilboda vi har i kommunen vår, men også vise fram det frivillige arbeidet som det er mogleg å bli med på. Det var utruleg kjekt å sjå kor mange som enda opp med å ta turen innom, og som vart med på songen. Songstunda gav tydelegvis meirsmak, for Birkeland fortel at fleire allereie har vist si interesse for å bli med på frivillig arbeid gjennom Røde Kors til neste år. – Det er fleire som har komme bort og sagt at vi no har ufarleggjort frivillig arbeid og Røde Kors, så no håpar vi at enda fleire vil melde seg inn og vere med på arbeidet vi gjer. Vi planlegg ein tur til Dagsturhytta her i Hyllestad i romjula, så da håper eg og gjengen min at vi får vise fram enda fleire positive sider ved Røde Kors Omsorg.