Først ut på scena var tradisjons tru 1. klasse som kom gåande ned trappene i samfunnshuset kledd i kvitt, og med lys i hendene. Små barnestemmer framførte «Lucia-songen» og sette stemninga for resten av kvelden.
Det var 4. klassingane Thea og Lias som hadde fått konferansierrolla denne kvelden, og begge fortel av det var litt nervar ute og gjekk. – Eg var litt nervøs i det vi gjekk ut på scena, men det gjekk over fort da eg såg folk smile og at mamma og pappa sat ute i salen og såg på meg, seier Thea.
Tente lys
Etter 1.klasse hadde gått av scena var det klart for å tenne adventslysa. Dette var det 2. klasse som fekk ansvar for. Fire vers av «Tenn lys» blei sunge, før «På låven sitter nissen» blei ljoma ut. Thea og Lias fortel at det var morosamt å både stå på scena sjølv og høyre på dei andre. – Det var gøy å gå i dress og prate framfor folk, med det beste med framsyninga var å vere der og sjå på dei andre. Vi har øvd lenge, så det var morosamt å endeleg få vise oss fram, fortel Lias. 3. klasse imponerte med solistar til kvart nummer. Dei starta med songen «Engler i sne» der fire tøffe jenter var solistar, medan fire andre frå klassen dansa, og resten kora. Ytre Sogn kan røpe at det rykka litt i dansefoten her og. 3. klasse gjekk så vidare til å syngje «Snowman» med to solistar, før dei avslutta framsyninga si med ein song med eit fint bodskap no i juletida. Songen har tittelen «Du er ikkje åleine», og blei sunge med to solistar i front.
