Fredag morgon starta med frukost i Hjetland barnehage der foreldre og slekt elles laga seg brødskiver og lussekattar medan spente ungar stod bak døra og fekk på seg kvite drakter, lys og glitter i håret.
Døra opna seg, og inn kom eit tog av små barnestemmer som vart gåande gjennom lokalet og som song luciasongen. – Å ha luciafrukost har vore tradisjon så lenge eg kan hugse. Da eg byrja å jobbe her hadde dei allereie hatt det i fleire år, fortel styrar i barnehagen, Vibeke Meel Skår. Under slike tilstellingar i barnehagen får foreldre komme og sjå kva ungane gjer på der. – Vi arrangerer dette for å markere luciadagen, men og for at foreldra kan få komme og sjå kva ungane driv med. Det har blitt ein juletradisjon og det verkar som at både ungar og foreldre likar det.
Luciatog på sjukeheimen
I dempa belysning fekk både store og små i seg frukost denne dagen, og det trongst for etter at maten hadde komme i magen gjekk turen ned på Høyanger sjukeheim. Her møtte dei største barna i Hjetland barnehage dei største borna frå Olderdalen barnehage, for no var det luciatog i alle etasjar som stod på agendaen. Første stopp var på dagsenteret. Her stilte barna seg opp to og to i gangen før dei med små skritt kom syngjande inn i rommet. Etter dei var ferdig med å synge delte dei ut lussekattar som dei hadde baka sjølv. – Dette var kjempeflott! Eg blir heilt rørt. Det er godt å kjenne at dei veit at vi er her og vil komme og synge for oss, sa Liv Tvedt, som var på dagsenteret denne dagen.