Salet dabbar av etter tomter er lagt ut, kommunen med ny presentasjon

Medan Norsk Eiendomspartner står klar til å kjøpe tomter om dei får selt nokre husprosjekt, så har Høyanger kommune tatt nokre grep for å selje dei andre tomtene dei har.


Det var mykje snakk om dei sjønære tomtene på nedre Hovland i Vadheim når dei vart lagt ut for sal for nokre år sidan. Det måtte loddtrekning til for å avgjere kven som skulle få tomtene nærast fjorden, men kommunen har mange fleire tomter enn det rundt om kring i Høyanger.

På kommunen sine heimesider blir det presentert ni forskjellige område i kommunen å velje tomter frå, og no har presentasjonen fått seg ei ansiktsløfting.

Dronefilmar og informasjon

Leiar for plan og forvalting i Høyanger kommune, Synne Vefring, seier det ikkje er dårleg sal som gjer til at dei no har tatt grep.

– Vi har hatt ein kampanje som går på å presentere dei tomtene vi har i Høyanger kommune på ein fin måte. Den tidlegare framstillinga var lite informativ, og var vel ikkje så imponerande.

No har alle områda fått eigne dronefilmar og langt meir informasjon på heimesidene. Vefring fortel at det har vore noko sal av tomter i kommunen.

– Det har vore ein del med ein gang felta har blitt lagt ut, så litt mindre etter kvart, seier ho, og håpar nok at med betre presentasjonar så vil det også bli fleire selde tomter i kommunen av kommunen i tida som kjem.