Førre fredag hadde snøen nett lagt seg på bakken før regnvêret tok over. Foreldre og slekt tok likevel turen opp til barnehagen og små barnestemmer starta avdukinga av julevindauget med allsong av «På låven sitter nissen».
– Julevindauget vårt er ein årelang tradisjon, og det er alltid kjekt å avduke det ilag med ungane no når desember nett er begynt, fortel Bodil Sæther Ringstad, som er pedagogisk leiar i barnehagen. Trass dårleg vêr var oppmøtet godt, og alle frammøtte skunda seg til vindauget for å sjå all pynten som var blitt laga til. Juletreet var sett opp ute, gløgg, peparkaker og klementinar vart utdelt, og julestemninga var på topp. Til og med reporteren frå avisa fekk sikra seg ei klementin og ein kopp varm gløgg. – Julevindauget er eit fellesprosjekt på heile huset, og alle ungane er med på å lage til pynt til det. Kvar avdeling har pynta kvart sitt hus, og kvar unge har fått laga kvar sin peparkakefigur. Vi har også teke med anna «pynt» for å vise fram årets tema som vi har arbeida med gjennom året.Ungane starta opninga av julevindauget med allsong av «På låven sitter nissen». Etter dette blei vindauget avduka og pynten vist fram.
Julevindauget opna i Olderdalen barnehage
Det tradisjonsrike julevindauget i Olderdalen barnehage i Høyanger er offisielt opent. Årets vindauge har fått temaet hav og forsøpling.