Karine er fødd og oppvaksen på Rønset, med to yngre brør. Ho ville heller jobbe turnus enn å ha ein «åtte-til-fire-jobb». Så 15 år gammal drog ho til Førde og gjekk linja for hotell og næring. Ho fekk lærlingplass som servitør på Hurtigruta og jobba to år der som servitør og ein liten periode som hovmeister. Ho tok også sikkerheitskurset som måtte til for å vere med til Antarktis. Men då laut ho vere om bord eit halvt år, og det vart for mykje av det gode då ho nett hadde komme i lag med sambygdingen Karsten Hatlem. Han var i militæret i Kirkenes, så det passa bra at Hurtigruta var innom der.
Frå sjø til sjukepleie
I staden for meir sjøliv vart det eit påbyggingsår ved Bergen Katedralskule og sjukepleien i Bergen. No følgde seks år på Haukeland, først Spinalenheten og deretter Ortopedisk. Karsten jobba som verkstadleiar ved Ramirent i Bergen. Etter kvart melde tanken på å flytte heim att seg. – Først måtte eg overtale Karsten til å komme til Bergen, og no ville eg ha han med heim att, ler Karine, som fekk det som ho ville. Dei gifte seg i 2014, flytte heim til Hyllestad året etter og budde på garasjeloftet hos foreldra hennar. På Rønset er både freda edellauvskog og gamle kvernsteinsbrot, så det tok si tid å få byggjesaka igjennom. Kommunen var positiv, men Statsforvaltaren ville ha nokre ord med i laget. Kor som er, dei tok huset i bruk i mars 2017. Romsleg, høgt og fritt, med utsyn ut- og innetter Åfjorden, og med Katlenova rett imot. Kort tid etter kom Oskar, og knappe fire år seinare Adrian. Gleda var stor ved juletider i 2022, då tredje barnet var på veg.Sjokk og vantru
Alt såg normalt ut på alle kontrollar. På ultralyd i Førde fekk dei vite at det var ein gut, men fekk samtidig beskjed om at hjartet hans kanskje var litt stort, og magesekken kanskje litt liten. Dei hadde moglege forklaringar, men foreldra vart for sikkerheits skuld vist til ultralyd i Bergen. Der kom sjokket. Dei fekk beskjed om at guten var død. Dei trudde knapt det dei høyrde. Verda rasa saman. Det vart ein tung tur heim att, og ikkje minst å skulle fortelje til Oskar og Adrian at dei ikkje fekk bli storebrør likevel.Ei grav å gå til
– Svangerskapet var akkurat som med dei to første, så vi lurte på kva som hadde skjedd. Obduksjonen viste at han sannsynlegvis hadde fått for lite næring. Han såg ut akkurat slik ein baby skal, berre at alt var så lite. Opp i det heile var det godt å høyre at det ikkje var noko vi kunne ha gjort annleis. Slikt skjer av og til. Denne gongen ramma det oss, seier Karine, som måtte vente i fire dagar før ho vart sett i gang for fødsel. Dei er glade for at dei valde ei grav på kyrkjegarden. Alternativet var ein minnelund. No har dei Isak med seg alle.