Herbjørn Sørebø sa ein gong at det er ei heilt spesiell kjensle å sitje med ei ny, sjølvskriven bok i hendene. Slik også for Kjellaug Hatløy Bjergene, som debuterer i ein alder av 82.
Kjellaug voks opp på Salbu i Hyllestad, og boka «Til-Frå Øen skule, 1949-1952» er tidlegare omtala her i Ytre Sogn. Under presentasjonen i Løa laurdag ettermiddag fortalde forfattaren om oppvekst og skule, lysta til å skrive, og verdien av å vekse opp i ein heim med lesande foreldre. Ho vart intervjua av dagleg leiar i Jakob Sande senter for forteljekunst, Rakel Wilhelmsen Solheim, og las utdrag frå boka. – Eg trur det ligg litt i genane å skrive, sa Kjellaug. Bestefar min var snikkar og det vi kallar ein rimsmed. Han kunne ta ein bordende og skrive små vers eller rim på den, i arbeidstida. Far min hadde Knut Hamsun som favoritt, mor mi heldt på Olav Duun som den fremste. Til samlinga i Dale kom fleire frå Hyllestad, mellom dei eit par av klassekameratane til Kjellaug. Håkon Steinar Giil mimra om korleis det enda då han skulle nærme seg Kjellaug med å nappe henne i dei fine flettene, korleis han som einaste guten i klassen med seks jenter skulle lærast å danse, og mottakinga på skuleplassen då han leidde den eine jenta i neven. Dei slutta ikkje å leie, men dei sleppte taket i god tid før dei nådde skulen, og gjekk på kvar si side av vegen siste stykket. Sjølv om det er ein god regel av «mat og bøker høyrer ikkje saman», vart det selt kaffi og vaflar, og mange nytta høvet til å ta «nonsen» og ein god prat med kjende. Boksalet gjekk godt unna, og det var dei som kjøpte både tre og fire bøker, så det vankar nok ei bokgåve i løpet av året, om ikkje før, så under juletreet om elleve månader. Det vert arbeidt med å få til ei liknande samling på Øen seinare.Fleire frå Hyllestad kom til boksleppet til Kjellaug Hatløy Bjergene i Dale, mellom dei besteveninna frå oppveksten, Åse Tonning t.v. og Håkon Steinar Giil, einaste guten i klassen.
Fullt hus på boksleppet til Kjellaug
Over 100 personar møtte i Løa i Jakob Sandetunet i Dale laurdag då boka til debutant Kjellaug Hatløy Bjergene frå Hyllestad vart presentert. Mange sikra seg signert eksemplar.