Sæmund Stokstad, som kjem frå Aurland og bur i Lærdal, skal leie den nye domstolen fram til Annlaug Kjelstad tiltrer som jordskifterettsleiar.

Jordskifterettane i Sogn og Fjordane vert éin domstol

Frå måndag 14. juni vert dei tre jordskiftrettane i Sogn og Fjordane slått saman til éin domstol.


Rettsstadane blir som før på Nordfjordeid, i Førde og i Sogndal.

– Tradisjonelt har jordskifterettane sitt arbeide vore knytt til landbrukseigedomane. I dag ser vi at tilbodet er ettertrakta også i dei tettare befolka områda i rettskrinsen, seier konstituert jordskifterettsleiar Sæmund Stokstad.

Då stortinget vedtok ein ny domstolstruktur i fjor haust var målet mellom anna ein meir effektiv og fleksibel domstol med likearta praksis i heile landet. Difor blir Sogn og Fjordane jordskifterett til frå 14. juni.

Får ny leiar
Stokstad, som kjem frå Aurland og bur i Lærdal, skal leie den nye domstolen fram til Annlaug Kjelstad tiltrer som jordskifterettsleiar. Ho er i dag Plan- og Utviklingssjef i Longyearbyen lokalstyre på Svalbard. Ho har tidlegare mellom anna hatt leiarstillingar i gamle Flora kommune og gamle Naustdal kommune, i tillegg til å ha jobba i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ho vil i løpet av sommaren flytte tilbake til fastlandet og heim til Sunnfjord for å ta til i jobben med den nye domstolen.

– Eg tiltrer som domstolsleiar med spenning, audmjuke og glede og ser fram til å ta fatt på oppgåvene n. Dette handlar mykje om å leia dei gode folka som jobbar i jordskifteretten i dag, men det handlar også om å vera ein fagleg god domstol for dei som treng jordskifte, seier Kjelstad.

Annlaug Kjelstad tiltrer som jordskifterettsleiar i løpet av sommaren.

Same stadane
Stortinget vedtok at det ikkje skal verta ein reduksjon verken i bemanning eller i rettsstadar i dei nye domstolane. Det vil seia at jordskifteretten framleis vil vera bemanna på dei tre ulike rettsstadane i Sogndal, Førde og på Nordfjordeid. Totalt har Sogn og Fjordane jordskifterett tjue medarbeidarar fordelt på dei tre rettsstadane. 

– Det er viktig for oss å vere tilgjengeleg for brukarane våre. Dei fleste som tek kontakt gjer det per telefon eller e-post, men vi ser også at det er mange som treng å møte eit ansikt for å få rettleiing om tilhøva kring fast eigedom, seier Stokstad, som til vanleg er jordskiftedommar i Sogndal.

Han forklarer vidare at det ikkje er naudsynt å nytte advokat i saker for jordskifteretten. Jordskifteretten er vand med å handtere såkalla sjølvprosederande partar.

Dette kartet syner rettskrinsen til domstolen.

Større fagmiljø
Samanslåinga er også meint å gi eit sterkare fagmiljø i domstolen. Oppgåvene til jordskifteretten er vorte meir kompliserte og sakstypane er fleire enn tidlegare. Alle dei tre rettsstadane er samlokaliserte med Sogn og Fjordane tingrett. Det meiner Stokstad ein kan dra meir nytte av i framtida.

– Ein stor del av sakene for jordskifteretten følgjer den same prosessen som ei sivil sak for tingretten. Særleg gjeld dette det vi kallar rettsfastsetjande saker, altså at retten fastset gjeldande rettstilhøve. Eit vanleg døme er fastsetting av eigedomsgrenser. At vi kan drøfte ulike problemstillingar med kvarandre på tvers av domstolane trur eg er ein stor fordel. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.