Vadheim bedehuskapell som ligg i sentrum av Vadheim stod ferdig i 1914, og vart vigsla for kyrkjeleg bruk i 1954.

Inviterer til folkemøte om framtida til Vadheim bedehuskapell

– Utgangspunktet for eit slikt folkemøte er å få til ein diskusjon med bygdefolket. Vi ønsker eit engasjement for kva som skal skje med bygget, og korleis det eventuelt kan brukast i tida framover, seier Sturla Bell Fossen. Han er soknerådsleiar for Kyrkjebø og Vadheim, og leiar i Høyanger Kyrkjelege Fellesråd.


Bedehuset i Vadheim stod ferdig i 1914, og vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1954.

Det har opp gjennom åra blant anna blitt brukt til gudstenester og Vadheim Musikklag sine julekonsertar.

– Med eit litt labert besøk til gudstenestene og lite bruk elles dei seinare åra, vert det å drifte eit slikt bygg når det kjem til vedlikehald og høge driftskostnadar veldig tungt, fortel Fossen til Ytre Sogn.

Ulike aktivitetar

Han legg til at bedehuskapellet, som stort sett har blitt brukt og leigd av kyrkja til mellom anna gudstenester og gravferder, er eit lokale som også kan nyttast til andre aktivitetar.

– Eit godt døme på det er arrangementet som fann stad under årets Vaimamarknad der arrangøren i samarbeid med Høyanger historielag hadde seminar om senkinga av Oldenburg 7. april 1945 med rundt 100 menneske til stades her.

Eigd av bygdefolket

Ifølge Fossen har tema kring bruken av bygget vore oppe til diskusjon både i Kyrkjebø sokneråd og Høyanger kyrkjelege fellesråd. Sistnemnde er eigar av dei andre kyrkjebygga og gravplassane i kommunen, medan bedehuskapellet i Vadheim er eigd av bygdefolket. Styret for huset er representerte på møtet denne måndagen.

– Saman med styret skal vi planlegge og gå igjennom korleis dette folkemøtet skal gjennomførast. Det kjem blant anna til å bli litt orientering av ulikt slag, og så vil vi prøve å få til ein diskusjon med dei frammøtte om kva vi kan gjere med dette bygget. Men det vil berre bli diskutert kring tema, og ikkje vere noko som skal bankast gjennom eller avgjerast der og da, forklarar han.

Måndag var styret i Vadheim bedehuskapell og representantar frå kyrkja samla for å drøfte og planleggje eit komande folkemøte der det gamle bygget si framtid vil bli drøfta. Frå venstre prest i Høyanger og Kyrkjebø Andreas Ester, leiar i Høyanger Kyrkjelege Fellesråd Sturla Bell Fossen, kyrkjetenar Irene Aase Aarseth, nestleiar i Vadheim bedehuskapell Mariann Fureli, kasserar Aud Vattekar Ljotebø, styremedlem Ruth Skår, og tidlegare styreleiar Arthur Hovland. Styremedlem Marta Ytredal var ikkje til stades da bilete vart teke.

Bedehuskapellet si framtid

Styret i Vadheim bedehuskapell, Irene Aase Aarseth, Andreas Ester, og Sturla Bell Fossen oppmodar innbyggjarane i Vadheim til å stille opp på folkemøtet 15. september, og håpar at så mange som mogleg tek turen for å vere med på å diskutere framtida til bedehuskapellet deira.

I tillegg til driftsmidlar på 30 000 kroner i året frå kommunen har styremedlemmane også brukt tallause dugnadstimar på å vedlikehalde det gamle bygget. Men med auka prisar på straum, forsikring, og kommunale avgifter, vart 30 000 kroner for lite til å dekke alle utgiftspostane i 2023.

– Vi sende derfor inn ein ny søknad i fjor om 55 000 kroner, og fekk innvilga 45 000 kroner. Det er stadig ting som må gjerast med slike gamle bygg, som blant anna innvendig og utvendig målearbeid, vasking av tak og veggar, og fliser på taket som må skiftast ut. Det er jo ei generell stor dugnadsånd i bygda. Det å få folk engasjert i det vedlikehaldsarbeidet som dette bygget treng ville vore til stor hjelp, seier tidlegare styreleiar Arthur Hovland.

Få til eit engasjement 

Eit spørsmål som fellesrådsleiaren tok opp var om kyrkja skal fortsette å betale leige av eit bygg som over tid vil forfalle dersom ein ikkje opprettheld vedlikehaldet, eller klarer å samle folk til gudstenester.

– Dette er ei spørsmålsstilling som vi sikkert må ta opp og diskutere, men i staden for å sei at alle kyrkjelege aktivitetar skal flyttast til Kyrkjebø kyrkje, så vil vi at bygdefolket skal bli merksame på kva som skjer, og få eit engasjement rundt det før ein eventuelt tek eit endeleg standpunkt, seier Bell Fossen.

 

  Vadheim bedehuskapell

Bedehuskapellet er eit påbygd bedehus frå 1914 som ha 130 sitteplassar. Det er den lokale bygningsmannen Andreas P. Vattekar som var arkitekt og byggmeister for bedehuset, som 31. januar 1954 vart vigsla av prosten til kyrkjeleg bruk og med det fekk status som kapell. Vadheim kapelldistrikt er ein del av Kyrkjebø sokn i Lavik prestegjeld.

Tomta der bedehuset står fekk bygdefolket i gåve frå Gjertine (1854-1918) og Anders (1865-1934) Vadheim. I gåvebrevet var det slege fast at bygget skulle brukast i kristelegsinna ånd, og til å fremje forkynninga av Guds ord mellom folket på staden. ”Svovelpreikarar” skulle ikkje skulle få tilgjenge.

Kjelde: Kulturhistorisk leksikon