Bjørn Ståle Helle vart fødd i Florø men hadde sine første barneår på Sørlandet. – Vi drog til Mandal da eg var rundt eitt år gamal, og budde der til eg var 10. På slutten av syttitalet var det nedgangstider i skipsindustrien der pappa jobba, så da flytta vi frå Sørlandet til Gaupne, der han fekk seg ny jobb som lærar på Sogndal vidaregåande skule sin avdeling der, fortel Helle.
Læreplass i Høyanger
Etter det som han sjølv omtalar som fine barne- og ungdomsår i Gaupne, der han var «dritten i midten» i ein syskenflokk på tre, gjekk reisa hans vidare utover fjorden og til Høyanger i 1989. – Da var eg rundt 20 år og elev ved Sogndal vidaregåande skule. Det var finanskrise og dårlege tider for bilindustrien på den tida, og derfor veldig vanskeleg og få seg lærlingplass. Men etter å ha jobba som målar inne i Luster ved sidan av studiane var eg så heldig å få lærekontrakt som mekanikar på bilverkstaden til Hydro Høyanger Metallverk. Som liten var eg fast bestemt på at eg ville få meg ein jobb der eg vart skitten på henda, og det fekk eg jo forklarar Helle, og ler.
Skulle heim igjen
Han fortel vidare at planen var å jobbe i industristaden i 16 månader, for så å returnere heim til Gaupne igjen. – Eg hugsar eg var ein tur nede på kaia der eg kom i prat med ein kar som jobba der. Han spurde meg om kva eg dreiv med og kor lenge eg skulle vere der. Eg fortalde at eg berre skulle jobbe der i vel halvanna år og så reise rett heim igjen. «Det sa eg også for 10 år sidan», fortalde han eg snakka med, og da han sa det lo eg litt av han og sa at det kjem ikkje til å skje med meg. Men det gjorde det, for eg er her framleis. Og gjennom alle desse åra har eg blitt utruleg glad i plassen og folka her seier han og smiler breitt.Fleire år på Fundo Wheels
Etter nokre år på Hydro og med fagbrev i boks vart Helle kalla inn til førstegongsteneste. Etter militærtenesta vart det nokre nye år med jobb på Hydro, før han valde å ta vidareutdanning på fagskule.