– Det er utruleg kjekt å bli lagt merke til og sett pris på. Eg føler dette er ein pris for heile bygda, for vi har eit godt samarbeid med fleire lag og organisasjonar her, og medlemmane våre er både unge og eldre.
Idrettslaget har som mål å stelle i stad gratis aktivitetar og skape positive sosiale arenaer for innbyggjar i alle aldrar. – Vi er ikkje eit tradisjonelt idrettslag sidan vi ikkje har eigne fotballag eller handballag, men vi prøver å skape sosiale arenaer som fremmar både fysisk og psykisk helse. Vi prøver å få med oss alle, og lage til gratis tilbod som alle kan nytte seg av. Olsen fortel vidare at å få ein slik gjev pris motiverer til vidare arbeid, og at dei ser at det dei gjer gir positive ringverknadar. – Vi er glade i bygda vår og vil at fleire skal sjå kor bra det er å bu her. Derfor prøver vi å skape aktivitet og bulyst, og vi ser det fungerer. Fleire unge par flyttar heim for tida, og alle gamle hus her bli selt og flytta inn i. Utvalsleiar for samfunn i Høyanger, Monica Oppedal, fortel at det var fleire grunnar til at Vadheim Idrettslag fekk prisen. – Vi var ikkje i tvil når det kom til kven som skulle få kulturprisen i år. Vadheim Idrettslag gjer så utruleg mykje anna enn berre idrett i byda, og er utruleg flink til å berre satse og prøve ting. I tillegg er dei veldig synlege, og møter opp og deltek på ulike arrangement. Det er litt utypisk å gje Kulturprisen til eit idrettslag, men dei er absolutt verdige vinnarar, seier Oppedal.Leiar for Utval for samfunn, Monica Oppedal (f.v), styreleiar i Vadheim Idrettslag, Anette Vik Olsen, og ordførar Petter Sortland under markeringa i byrjinga av desember der Vadheim Idrettslag vart tildelt Høyanger kommune sin kulturpris for 2024. (Foto: Høyanger kommune)
Kulturprisen motiverer til vidare arbeid
Noko av det siste lokalpolitikarane i Høyanger kommune gjer kvart år er å dele ut den årlege kulturprisen. Årets vinnar vart Vadheim Idrettslag, og styreleiar i idrettslaget, Inger Anette Vik Olsen, tok imot utmerkinga.