At dans er bra for både kropp, sjel og toppetasjen er veldokumentert, og noko dei 14 aktive dansarane i Kyrkjebø Seniordans kan skrive under på. Sosialt er det og, ifølge leiar Elsi Berge og dei andre i dansegruppa.
– Det er kjekt å kunne komme hit på onsdagane til den faste gjengen og bruke to timar saman til dans og sosialt samvær. Og så reiser vi og fast ein gong i månaden opp til Sande og dansar saman med Gaular Seniordans. Nokre turar til samlingar i Loen, Balestrand og Førde blir det gjerne og, så det er bra med aktivitet i laget. Kyrkjebø Seniordans har eksistert i 13 år og er eit godt drifta lag. Økonomien er god, og dei tre instruktørane flinke. Dei reiser på kurs i regi av Seniordans Norge, og det er der dei får instruksjonane som blir til danserepertoaret som blir dansa ute i lokallaga, slik som på Kyrkjebø. – Aktiviteten vår er definert som vaksenopplæring, noko som medfører at vi ikkje betalar husleige her i Kyrkjebø samfunnshus. Vi er derfor billege i drift som lag. Det kostar 400 kroner i medlemskontigent å vere med i Seniordans Norge, og så betalar vi 20 kroner kvar til å dekke kaffien kvar onsdag.
På jakt etter dei «unge»
Som for mange andre lag og organisasjonar er rekruttering viktig også for Kyrkjebø Seniordans. – Dei fleste av oss som er med no var og med da seniordansen starta opp her for 13 år sidan. Den gongen var vi i overkant av 20 medlemmar. No er vi 16, der 14 er aktive dansarar. Mange av oss er over 80 år, så det seier seg vel litt sjølv at det må komme inn litt fleire yngre seniorar snart om Kyrkjebø Seniordans skal eksistere også i framtida. Rekrutteringstematikken skapar engasjement i gruppa i dansepausen, og tankar blir delt om kva som kan gjerast for å få fleire med. – Tilbodet vårt er kanskje ikkje godt nok kjent, og vi er kanskje ikkje flinke nok til å vise oss fram til dei som kunne ha interesse av å bli med. Hos oss dansar det seniorar frå Nessane til Norevikane, og dansane blir tilpassa til alle førlegheits- og ferdigheitsnivå, så her kan absolutt alle i nærområdet bli med.