Dei kjende julesongane høyrde med då festlyden gjekk rundt juletreet.

Intim juletrefest på Kyrkjebø

Nok ein gong hadde Kyrkjebø kvinne- og familielag lagt ned mykje arbeid i å arrangere tradisjonell juletrefest på Kyrkjebø i romjula.


Det var med blanda kjensler vi møtte berre eit fåtal frammøtte til juletrefesten, ein fest som tidlegare fylte samfunnshussalen med glade festkledde born, foreldre og besteforeldre. Er dei gamle tradisjonane i ferd med å døy ut?

God stemning
Det skal likevel ikkje så mange til for å skape god stemning og det blei det då Gunvor Hommedal kunne ønskje velkommen. Det vart opplesing av eventyr, Sonja Aasen Årdal spelte til julesongane på piano, og Hanne Kristin Meek Ljotebø fekk med seg borna på fleire morosame songleikar. Dei vaksne blei også med, så det mangla ikkje på innleving. 

Hanne Kristin Meek Ljotebø fekk borna med på fleire morosame songleikar.

Debutant
Lillebror Dregelid som berre er to månader, var kveldens debutant. Mamma Linn Elisabeth Dregelid håpar at det blir mange juletrefestar for det siste tilskotet til familien. 
– Det er trist viss ein så fin tradisjon skal forsvinne. Eg håpar inderleg at vi får juletrefestar også i framtida, sa ho. 

Også dei andre foreldra håpa på at arrangementet held fram. 

Alle hadde med seg eigen julebakst og arrangøren spanderte kaffi, te og saft medan praten gjekk lett.

Debutanten Lillebror Dregelid fekk sin første godtepose av julenissen, her på armen til mamma Linn Elisabeth Dregelid.

Gang rundt juletreet
Til slutt blei det gang rundt juletreet medan Sonja Aasen Årdal spelte på piano. Jammen blei det mange runder med dei gode gamle songane som "Så går vi rundt om en enebærbusk", "Eg gikk meg over sjø og land" og "Å jul med din glede".  Då "På låven sitter nissen" var sungen, dukka jammen nissen opp med sekken full av forundringsposar. Både born og vaksne fekk posar med litt av kvart oppi. 

Leiar i Kyrkjebø Kvinne- og familielag, Nora Høyvik, sa at styret må ta opp til vurdering kor vidt dei skal halde fram med arrangementet. 

– Det er ingen vits i å legge arbeid i eit tilbod nesten ingen i bygda vil ha, sa Nora Høyvik tenksamt. 

Dermed kan det bli kroken på døra for ein gammal, norsk tradisjon. Uansett blei det ein fin kveld for dei som møtte fram og eit godt gjennomført arrangement av Kyrkjebø Kvinne- og familielag.

Dei to skøyerane Julian Indrebø og Jørgen Hatlestad Moen er begge tre år og ivrige etter å lære seg julesongane.

Borna var ivrige etter å få gåve av nissen.