Full sal og eit rekordstort tal korpsmedlemmar på scena då Kyrkjebø skule- og ungdomskorps inviterte til konsert og basar søndag.

Dei unge er i fleirtal på Kyrkjebø

For første gong på lenge er dei unge i fleirtal i Kyrkjebø skule- og ungdomskorps.


Søndag inviterte Kyrkjebø skule- og ungdomskorps til konsert og basar i heimbygda, og med salen full vart det ei triveleg stund for både musikantar og publikum.

Kyrkjebø skule- og ungdomskorps fyller 50 år i november, og har eit innhaldsrikt jubileumsår framfor seg med både tur til Tyskland i sommar og jubileumskonsert i haust.

Jubileumskonserten har dei alt byrja å øve til, og dei frammøtte søndag fekk høyre eit par av stykka som vil bli spelt der. Kombinert dirigent og konfransier Sonja Aasen Årdal kunne mellom dei musikalske innslaga kome med fleire gladmeldingar  knytt til status for korpset.

– For første gong på mange år er det eit fleirtal av unge i korpset. Akkurat no er vi 12 medlemmar til og med 16 år, og 8 medlemmar frå 17 år og oppover.

Og ikkje nok med at snittalderen i korpset går ned, korpset har også opplevd medlemsvekst det siste året.

– No er vi 20 spelande medlemmar, og det er det og veldig mange år sidan sist vi var.

Birger Meland, Live Lutentun, Nora Bremnes Aardal og Elina Øvreås har sunge under mange av Kyrkjebø skule- og ungdomskorps sine konsertar i seinare tid, og søndag vart ikkje noko unntak. Her er det songen «Sweet Home Chicago» som blir framført.

Breitt spenn
Med Erle, Viktoria og Viljar som dei ferskaste medlemmane i korpset, som alle tre har gått rett inn som ordinære medlemmar utan å vere aspirantar først, er det stor spennvidde i erfaringsnivået til dei ulike korpsmedlemmane på Kyrkjebø.

– Med nokre som har spelt i korps i 30 - 40 år, og nokre som berre har eit par månadar bak seg, får vi utfordringar med å sette saman eit repertoar som er moro for alle å spele på sitt eige nivå. Men vi tilpassar musikken så det blir så kjekt som mogleg å spele i korpset vårt.

Publikum fekk eit døme på denne tilnærminga då korpset framførte «Lisa gjekk til skulen», for det som kanskje er den enklaste songen i verda å lære seg, vart framført i ein omarbeida versjon der nokre spelte den ordinære melodilinja, medan andre spelte langt meir avanserte linjer som slynga seg rundt motivet i den kjente og kjære barnesongen.

– Vi har unge medlemmar og eit ungt repertoar, noko som gir oss ein god giv no i jubileumsåret. Vi har eit tettpakka program i år og ein veldig fin korpsgjeng, så status for Kyrkjebø skule- og ungdomskorps anno 2024 er heilt klart at vi er eit høgst levande, aktivt, og framtidsretta korps.