Merethe Høyvik (Kyrkjebø Idrettslag), Rønnaug Meek (Høyanger kommune), Bjørg Marie Ljotebø (Joker Kyrkjebø), Sissel Tove Litzheim (Kyrkjebø Ungdomslag), Ole Ivar Luggenes (Kyrkjebø Ungdomslag), og Olav Luggenes (Kyrkjebø Mållag og leiar for arbeidsgruppa for LivOGLyst Kyrkjebø) inviterer til bygdesamling og oppstart for LivOGLyst i bygda.

Oppstart for LivOGLyst på Kyrkjebø

På Kyrkjebø sparkar dei i gong LivOGLyst-arbeidet sitt med ei bygdesamling midt i april.


På Kyrkjebø har det blitt etablert ei arbeidsgruppe på ni personar for LivOGLyst-forprosjektet, og no ønsker dei å få kjennskap til bygdefolket sine innspel og idéar.

– Vi inviterer derfor til ei bygdesamling 14. april der vi vil informere om prosjektet og opne opp for idémylding hos dei frammøtte omhandlande kva vi skal drive med på Kyrkjebø framover i LivOGLyst-regi, seier leiar for forprosjektet, Olav Luggenes.

Det blir også matservering og  underhaldning, i tillegg til deling av erfaringar.

– Det kjem ein delegasjon frå Viksdalen som vil fortelje om kva dei har fått til med sitt LivOGLyst prosjekt. Det trur vi blir både nyttig og lærerikt.

Infoskriv
I forkant av møtet vil det bli delt ut eit ferkst informasjonsskriv til innbyggjarane på Kyrkjebø via postkassar som vil fortelje om prosjektet.

–  Her vil folk kunne bli litt betre kjent med LivOGLyst, og brosjyren vil kanskje også trigge nysgjerrigheita eller ein idé eller to som ein kan ta med seg til møtet. Dette møtet blir det første høvet for folk på Kyrkjebø til å kome med sine innspel, men vi vil nok forsøke å samle bygda igjen også seinare. Og så må sjølvsagt dei som ønsker å ta dette møtet som ein sosial samankomst på ein søndag også berre møte opp. Her vil alle vere velkomne, og det er ikkje krav til at ein må ha idéar eller bidra på nokon måte. Sentralt i LivOGLyst ligg det å skape møteplassar, og sånn sett er eit slikt møte også ein fin og uformell møteplass for bygda i seg sjølv.