Einar Rysjedal representerte Høyanger kommune på stiftingsmøtet til Norsk kjernekraftkommunar på Gardermoen i november. Han valde å ikkje signere for medlemskap der og då, men tok med seg saka tilbake til kommunestyret for avrøysting. (Foto: Skjermdump ArtSys Solutions/Høyanger kommune)

Høyanger blir medlem av Norske kjerne­kraft­kommunar

Kommunestyret i Høyanger gjekk samrøystes inn for at kommunen skal bli medlem i interesseorganisasjonen Norske kjernekraftkommunar.


Interesseorganisasjonen Norske kjernekraftkommunar er meir eller mindre rykande fersk, etter at dei seks første kommunane signerte ein intensjonsavtale om å etablere organisasjonen i november.

Desse kommunane er Vardø, Narvik, Heim, Aure, Porsgrunn og Halden kommune, og no sluttar Høyanger kommune seg også til desse. Ifølge Teknisk Ukeblad har det i fleire av desse kommunane vore opprivande debattar kring vindkraft.

– Meir kunnskap
Saka gjekk samrøystes igjennom kommunestyret i Høyanger og var også oppe til diskusjon i formannskapet 8. februar.

Her kom det fram frå debatten at det for Høyanger sin del gjeld det å komme tidleg inn i interesseorganisasjonen i all hovudsak for å få meir kunnskap kring temaet kjernekraft.

Einar Rysjedal representerte Høyanger kommune på Gardermoen, men valde å ikkje signere avtalen i første omgang, men heller ta med saka tilbake til kommunestyret for avrøysting.

– Vi må skaffe oss meir kunnskap om kjernekraft, og det bør også kommunenorge skaffe seg, sa Rysjedal i eit kort innlegg på kommunestyremøtet, før forslaget om medlemskap vart samrøystes vedtatt.