Svar til Einar Rysjedal

–⁠ Statkraft vil aldri tappe vatn utan gode grunnar

Viser til lesarinnlegg av Einar Rysjedal den 25. april der han stiller ein del spørsmål om Statkraft si disponering av magasina i Høyanger spesielt, og om kraftmarknaden generelt.


Statkraft vil aldri tappe vatn ut av magasina utan at det skuldast nødvendig vedlikehald eller for å redusere flaumrisikoen for samfunnet.

 Grunnen til at vi i vår tappa noko vatn var for å ha kontroll på situasjonen vi går inn i med full vårsmelting. Vi gjer til ein kvar tid vurderingar av forventa tilsig framover i forhold til kva vi har av vatn i magasina, og dette er spesielt viktig om våren og hausten når flaumfaren er størst. Tappinga gjer vi kontrollert for å sikre samfunnet mot skade. Hadde vi latt vere å tappe til magasina var heilt fulle ville vi mista denne kontrollen og skadene kunne blitt store. Dette er ein av dei store verdiane samfunnet har av regulerte vassdrag.

Så litt fakta om magasina Rysjedal nemner spesielt. Bergsvatnet har var fullt 10. mars med vasstand 597 moh. Det har vore køyrt mykje og tappa noko frå magasinet til 29. april med vasstand 590 moh. Deretter stig magasinet att og vi er i dag på 592 moh, og våre prognoser viser framleis stigning framover. Monsdalsvatnet har hatt stigning sidan tidleg i mars og er i dag heilt fullt. Så Rysjedal sin ordbruk om «kraftig redusert» kjenner vi oss ikkje att i.

Anlegga er ikkje dimensjonerte til å ta vare på alt vatn i alle situasjonar. Det har til alle tider vore viktig å kunne tappe i periodar for å unngå skader. Av og til er tilsiga større enn slukeevna til kraftverka. Normalt vert dette overskotet lagra i magasina, men når dei er relativt fulle og snøsmeltinga eller vêrmeldinga tilseier at det kjem mykje meir, er det viktig og rett å tappe.

All vår tilgjengelege produksjon (og i Høyanger) er enten:

• tilbydd i marknaden

• eller tilbydd som reserve for kraftsystemet i marknaden (viktig for samfunnet, som fabrikken i Høyanger, og beredskapen vår at kraft er tilgjengeleg om vi får utfall eller andre ikkje planlagde hendingar)

• eller er ute til revisjon (nødvendig vedlikehald)

Alt dette er nødvendig for samfunnet og er ikkje «sløsing».

Elles kjem Rysjedal med mange karakteristikkar om kraftforsyninga i Norge. Det vert for omfattande å svare ut alt dette, men generelt er det etter vårt syn mange som undervurderer kompleksiteten av å drive eit kraftsystem basert på fornybare og vêrbaserte energikjelder. Produksjon og forbruk må skje i same millisekund, produksjonen er avhengig av vær som regn og vind, og vi som forbrukarar er vane med å kunne bruke kor mykje straum vi vil akkurat når vi vil. I dagens system vert produksjon og forbruk balansert døgnet før, og så vert det meldt inn reservekapasitet for å balansere ut at prognosane av og til bommar litt (vert litt kaldare etc.). Vi treng og reservar om utfall av kraftverk, kraftlinjer, industri eller noko anna uventa skjer. Marknaden syter for at det er den til kvar tid rimelegaste krafta og reserven som vert nytta.

Det er derfor samfunnet sine behov gjennom tilslaget vi får i dei ulike marknadene som er bestemmande for vår produksjon. NO3 som Høyanger ligg i har for tida rikeleg med produksjon til særs låge kraftprisar (ca. 2 øre/kWh i dag). Slik har det vore over mange år, også i kriseåret for Europa og Sør-Norge (2022) der NO3 og Høyanger hadde heilt normale prisar. Men skal Hydro og anna industri, og vi som samfunn, kvitte oss med utslepp av klimagassar, treng vi framover mykje meir fornybar energi for å erstatte den fossile energibruken som i dag er betydeleg. Mykje av denne krafta vil måtte kome frå uregulerbare energikjelder som småkraft, elvekraft, sol og vind.
Vil elles berre oppfordre Rysjedal til gjerne å ta kontakt med Statkraft ved denne type spørsmål knytt til vår disponering i Høyanger.

Inge Hass
Kraftverkssjef Kraftverksgruppe Sogn

Kåre Hønsi
Regionsdirektør Statkraft Energi Region Midt