Høyang var heldigvis heimkomen frå «ferie» denne laurdagen når dei skulle «reise kjerringa» etter stortapet mot Stryn i opningskampen førre helg, og det gjorde dei til gagns. Høyang varta opp med glitrande lagspel og med keeper Johansen i storform vart det ein velfortent 3-1 siger over Sogndal 2.