Johnny Litsheim sitt siste farvel med heimbygda

Fredag 4. april tok familie og venner avskjed med Johnny Litsheim i ei fullsett Høyanger kyrkje. Ein sterk og vakker seremoni, som han sjølv hadde hatt regien for.


Johnny Litsheim var fødd og oppvaksen i Høyanger og var ein av dei største Høyanger-patriotane i vår tid. Sjølv om han tidleg flytta ut for å reise til sjøs, var heimbygda alltid viktig for han. 

Sette sjøbein

Som mange andre unggutar frå Høyanger, tok også Johnny hyre på båt og reiste i utanriksfart som maskingut berre 16 år gammal. Etter nokre år tok han maskinistutdanning ved Croftholmen i Telemark. Som sjømann fekk han sjå det meste av verda og hadde arbeidsplassen sin på heile 14 båtar. Han tok seinare ingeniørutdanning og jobba offshore i mange år. Etter ei trafikkulukke, fekk han ein skade som ikkje let seg kombinere med arbeid på plattform. Då vart han tilsett på Statoil sitt kontor i Trondheim.

Johnny Litsheim tok farvel med heimbygda med det han kalla ein siste konsert.

Bilda på minnebordet under avskjeden. Til venstre Johnny i kjend stil på tur med hunden Leo. Det andre syner ein ung Johnny som snart skulle sette sjøbein.

Flytta heim

På 1970-talet flytta Johnny heim til Høyanger og gifta seg med Signe Ølmheim. Tidleg på 1980-talet bygde dei seg hus på Kyrkjebø med vakker utsikt over fjorden. Men Johnny måtte kvar dag inn til Høyanger og treffe kameratar og besøke andre han hadde omsut for. 

Fagforeningens Musikklag blei ein stor og viktig del av Johnny sitt liv. Han hadde spelt i Høyanger skulemusikk i barndommen, men hadde ikkje problem med å ta fram trompeten og sette i gang att, noko han hadde stor glede av. Både musikken og vennskapet i korpset betydde mykje for han. Han hadde og periodar som leiar i korpset.

Han starta opp eige firma i heimbygda og var med på å etablere SafeClean som i dag har mange tilsette. Han ivra for å sette opp Tell Teigen-monumentet og å behalde den gamle fontena på torget i Høyanger. Dette er to synlege bevis på Johnny sitt engasjement og gjennomføringsevne. Han var og ein ivrig samfunnsdebattant og hadde fleire lesarinnlegg i lokalavisa. I tillegg arrangerte han turar for Pensjonistforbundet og fleire store konsertar som «Ringar i vatn» og takkekonserten i Høyanger kyrkje etter koronaperioden. Han var alltid engasjert og fekk stadig nye idéar der han jobba for at Høyanger skulle vere eit levande lokalsamfunn.

I 2015 fekk Johnny invitasjon til Slottet der HM Kong Harald og HM Dronning Sonja inviterte eldre eldsjeler til «Afternoon Tea». Der fekk han handhelse på kongeparet og fekk omsyning på Slottet. Dette var ein heider som vart gitt dei, som til tross for høg alder, la ned eit stort frivillig arbeid for sitt lokalsamfunn. 

I 2022 fekk han Høyanger kommune sin kulturpris under ei tilstelling på Øren Hotel. Ordførar Petter Sortland, Birgitta Hagen Kyrkjebø og Anita Nordheim var kommunen sine representantar under overrekkinga. 

I 2015 var Johnny invitert til Slottet der han fekk handhelse på Kong Harald V og Dronning Sonja. (Foto: Det kongelege slott)

I 2022 fekk Johnny Høyanger kommune sin kulturpris. Frå venstre Anita Nordheim, Johnny Litsheim, Signe Litsheim, Birgitta Hagen Kyrkjebø og Petter Sortland.

Den siste tida

Han fekk ein alvorleg kreftdiagnose for om lag to år sidan, men var optimistisk og ville ikkje la sjukdommen hindre han i å leve livet til fulle. Og så lenge han makta, var han aktiv i korpset, i pensjonistforbundet, på treningssenteret og elles ute i det sosiale liv. Han støtta også opp om andre sine arrangement, ved å møte på konsertar og basarar både på Kyrkjebø og i Høyanger. 

Då han merka at sjukdommen tok meir og meir overhand, vart han oppteken av korleis avskjeden skulle vere. Han tok såleis regien på det han sjølv kalla ein siste konsert. 

Eit vakkert farvel

At Fagforeningen Musikklag blei ein viktig bidragsytar under seremonien var sjølvsagt, og han hadde klare meiningar om kva han ville dei skulle spele. Med preludering før kyrkjeklokkene ringte, fekk dei frammøtte ein forsmak av kor vakkert dette kom til å bli. Johnny var og oppteken av at familien skulle vere delaktige i seremonien. Under preludiet «Vidda», spelte Linn Susann Litsheim og Øygunn Mjellelid Gunnarskog trompetsolo saman med Fagforeningens Musikklag. Litt seinare spelte fetteren Tom Holger Litzheim og dottera Linn Susann, «Stjernesangen» frå Finlandia med Harald Dahlstrøm på orgel. Til sist song fetteren Knut Henning Litsheim «Norge mitt Norge» med Harald Dahlstrøm på piano. 

Tremenningen til Johnny på morssida, Arne Mulen, forretta under avskjedseremonien og gjorde eit djupt inntrykk på alle dei sørgjande. Med si milde røyst, med innleving, openheit og varme, var alle lydhøyrde og tok i mot dei gode og trøystande orda. 

Tremenningen til Johnny Litsheim, sokneprest Arne Mulen forretta under avskjeden i Høyanger kyrkje.

Fagforeningens Musikklag sitt postludium «God morgon, min kjære» rørte alle som var til stades.

Eit stort følgje vart med opp på gravplassen på Tunga der Johnny si båre vart senka til tappenstrek frå trompetane til Tom Holger og Linn Susann. 

Johnny etterlet seg kone, tre born og tre barneborn. Hans eigen trompet har no stilna, og det blir eit stort tomrom etter han. Fred over Johnny Litsheim sitt minne. 

Johnny Litsheim si båre i Høyanger kyrkje.