Det vart folkemylder og masse sosiale aktivitetar under aktivitetsdagen i Lavik i fjor. Arrangør Margunn Hagen håpar å gjenta suksessen også i år.

Gjentar suksessen med aktivitetsdag i Lavik

Aktivitetsdagen i Lavik i fjor sommar skapte mykje trivsel og glede. Arrangør Margunn Hagen køyrer derfor på med ein tilsvarande dag i år, og håpar på å gjenta suksessen.


– Det blir veteranbilar, boblefotball, rullatorløp, pubkveld, litt bodar, og kaffi og kaker i år som i fjor, og så dukkar det heilt sikkert opp noko nytt også.  Noko av det vi jobbar med no er  mellom anna eit comeback frå Go’biten sin hamburger, som mange har gode minner til.

Det fortel arrangør og initiativtkar Margunn Hagen. Ho er for tida i full sving med å skaffe premiar som kan loddast ut, og med å halde i diverse trådar.

– Vi har fått mange fine premiar alt som inngang til Myrkdalen og Jølster skisenter, og helgepass til Truck n’ Truck. Også her blir det som i fjor at dei som møter opp kan bli med i trekninga av premiane.

Det sosiale viktigast
Det blir også diverse tilbod på produkt denne dagen som folk kan nytte seg av, men Hagen understrekar at eventuell handling kjem i andre rekke. Det viktigaste er at folk møtast og koser seg.

– Målet er å samle bygdefolk og tilreisande til ein lågterskel møteplass der ein kan tyte litt med naboen og berre ha det kjekt saman. I fjor hadde vi til dømes ein på 93 år som var veldig godt fornøgd då han fekk ein sjokoladegullmedalje etter rullatorløpet, for han hadde aldri fått ein einaste medalje før i sitt liv. Det er slike små trivselshendingar vi ønsker å skape. 

Og Hagen har fleire slike opplevingar å dele frå fjoråret.

– Noko av det kjekkaste med dagen i fjor var då hotellet dekka opp eit langbord ute, og folk mellom 20 og 80 år møttest der til ein kjekk kveld saman. Slike hendingar gjer jobben med å arrangere aktivitets­dagen vel verdt det.