Marie Løland heldt eit lite føredrag om historia til bispestova til dei frammøtte som vart med på «afternoon tea» i Lavik laurdag.

Fornem servering i fornemt lokale

Det vart herskapleg i bispestova i Lavik laurdag.


Kokk Ann-Elisabeth Lavik Akse, som eig og driv Lavik Kro, har gjennom fleire år hatt ein draum om å arrangere «afternoon tea» etter alle kunstens reglar. I det ligg det tradisjonell engelsk oppdekking med mellom anna snittar, scones og makronar elegant servert på etasjefat, og sjølvsagt te i koppane.

– Dette er noko fleire i bransjen vår driv med, og som eg og har hatt lyst til å prøve, men eg har hatt vanskar med å finne det rette lokalet til eit arrangement som dette. Kroa vår har ikkje ein atmosfære som passar heilt, men ein dag kom eg til å tenke på bispestova. Den er jo heilt perfekt som eit ærverdig bygg med tradisjonelt interiør og massevis av historie og sjel.

Lavik Akse er glad for at Venneforeininga For Bispestova I Lavik også hadde lyst til å bli med på eit slikt arrangement, noko som passa bra i utgongen av september sidan deira sesong med eigne arrangement no er over. 

– Sidan det ikkje er straum i huset og ein må nytte eit aggregat for å få lys og varme er det visse praktiske utfordringar med å bruke lokalet utanfor sommarsesongen, men det gjekk heilt fint i dag. Det er lunt og koseleg å kunne sitte her i bispestova og kose seg med ein varm kopp te og litt og bite i når det er hustrig haust utanfor.

Ann-Elisabeth Lavik Akse frå Lavik Kro var arrangør og stod for serveringa. Ho har hatt ein draum om å arrangere «afternoon tea» gjennom mange år.

Det var høg klasse over både maten og oppdekkinga. Lavik Akse har samla på servise gjennom lang tid nettopp med tanke på å kunne lage til «afternoon tea» der skaffetøytet står i stil med det som skal etast.

Løfte fram bispestova

Lavik Akse fortel at eit eventuelt overskot frå arrangementet vil gå til bispestova, og at ho meiner alle med tilknyting til Lavik bør ha kjennskap til historia til det spesielle bygget. Noko av tanken bak «Afternoon tea»-arrangementet er nettopp å løfte bispestova enda meir opp og fram.

– Saman med Ole Elias Holck står bispestova heilt sentralt i Lavik si historie. Derfor er det veldig kjekt at 7. klasse ved Lavik skule, som for tida jobbar med eit prosjekt som heiter Ung utopi som handlar om framtida, og er med her i dag og får lære litt om lokalhistoria. 

Og både dei unge og litt eldre som hadde møtt opp fekk ei innføring i bygget si historie frå Marie Løland i Venneforeininga For Bispestova I Lavik.

– Det store mysteriet med bispestova er det at vi ikkje veit kvar den kjem frå. Den har ikkje blitt bygd her på staden kor den står, og det er fleire teoriar om kvar den først stod, men det er ingen som veit heilt sikkert. Dette spørsmålet og fleire andre i bispestova si rike historie står framleis ubesvart, så det er masse å fordjupe seg i og forske på her for dei som måtte ha interesse av det.

Marie Løland delte av kunnskapen sin om bispestova, eit bygg som har ei lang, rik og til dels dramatisk historie.

Mange hadde spørsmål om det dei fekk på fata, og Lavik Akse delte gladeleg både informasjon, oppskrifter og tips.

Venneforeininga er sjølv aktive med ulike tilstelningar sommarstid.

– Vi arrangerer opne søndagar og har og halde ope for grupper som ønsker å kome på besøk for å bli betre kjent med bispestova. Vi pleier å ha litt innhald i tillegg til å vise folk rundt i stova, slik som foredrag eller musikkinnslag. Om det kjem 15 - 20 personar, slik som i dag, så er det heilt ideelt, for om det kjem fleire byrjar det å bli litt trongt. 

Redningsmann

Løland trekte og i sitt foredrag fram korleis bispestova fleire gongar har vore på nippet til å gå tapt grunna manglande bruk og forfall, men at nokre få einskildpersonar har gått inn på ulike tider i historia og redda bygget med sitt engasjement og sin gjennomføringskraft.

– Den siste av desse redningsmennene er Bjarne Hellebø, som er med oss i dag. Da han tok initiativ til ein gjennomgang av bygget i 2011 oppdaga ein at det var i ferd med å rotne heilt vekk. Mellom anna hadde nokre av bærebjelkane blitt til mold grunna lekkasjar. 

Bispestova var på god veg til å rotne vekk for eit drygt tiår sidan da Bjarne Hellebø tok initiativ til å undersøke tilstanden til bygget, og til ei påfølgande renovering. Hellebø kan nok med rette omtalast som ein redningsmann for bispestova, og han fortset å vere sterkt involvert i både forvaltninga og bruken av den. Her fortel han dei frammøtte om den heilt spesielle tapeten som er i stova som ikkje eingong er festa i veggen, men som flyt i eit oppsett som består av både strier og papir.

I dag er første etasje i bispestova freda, medan andre etasje, som for tida husar ei utstilling med reiskap som ein brukte på gardar før i tida, ikkje er det. Venneforeininga For Bispestova I Lavik må derfor søke om dispensasjon om dei vil gjere sjølv den minste endring i første etasje.

– Vi får til dømes ikkje lov til å sette opp lampettar som lyskjelder her, da det vil bryte med den historiske heilskapen. Det er eit veldig strengt regelverk, men det skal det også vere sidan eit prosjekt som dette handlar om å ta vare på det som ein gong var.

Lavik Akse kunne mellom anna by på clotted cream som skulle på sconesane. Det tar det 20 timar å lage, men heldigvis er mesteparten av tida venting.