Margunn Hagen på Håret Frisør i Lavik tok ein sjans og satsa på fyrverkerisal i år. Det angrar ho ikkje på.
– Det gjekk veldig bra og var kjempekjekt. Det er vanskeleg å seie kor mange som var innom i løpet av salsperioden frå 27. desember til nyttårsaftan, men det kom folk jamt og trutt. Fyrverkerileverandøren vår Svea køyrde nokre gode tilbod før kl. 12 desse dagane, og det var nok litt ekstra pågang da frå dei som ville sikre seg fyrverkeri til ein rimelegare pris.
Teslaeffekten
Hagen fekk også god hjelp av sonen Mats Hagen Hjelmeland og Inge Øystein Norevik i salsperioden, og det var ikkje berre lokale i Lavik som tok turen innom velværehuset i sentrum for å handle fargerikt eksplosiva.
– Det kom kundar frå heile Høyanger og frå nabokommunane, men det var og folk på gjennomreise som handla. Særleg Tesla-eigarar som hadde stoppa for å lade på ladestasjonen like ved stakk innom når dei skjønte at det var fyrverkeriutsal her.
Kva kundane kjøpte varierte frå pakkar med stjerneskot til dei største effektbatteria.
– Det vart handla frå heile sortimentet til Svea. Det gjekk nok mest av effektbatteria som det var tilbod på og som tilhøyrer det ein kan kalle mellomklassen, men vi selde og ein god del av dei største trekassane med fyrverkeri til mange tusen kroner. Desse er det gjerne fleire som går saman om å kjøpe, slik som ein vennegjeng eller eit nabolag.
«Mjuke» batteri
Også i år har det vore ein debatt rundt eit eventuelt forbod mot sal av fyrverkeri til privatpersonar, og fokus på augeskadar som følge av uvettig bruk av fyrverkeri og dyr som blir skremt av dei høge smella.
Det var ingen som tok opp desse problemstillingane med Hagen, for dei som kom innom ho i romjula var nok alle klare for å feire nyttår slik som dei har gjort tidlegare med sitt eige fyrverkeri.
– Men det var det fleire som kjøpte såkalla «mjuke» batteri som har komme på marknaden dei siste åra. Dette er batteri som ikkje bråkar like mykje som tradisjonelle rakettar og batteri, men som har like fine fargeshow. Desse er perfekte for dei med dyr som blir skremt av dei høge lydane, eller dei som ønsker å ta ei tidlegare nyttårsfeiring med ungar som og kan bli redde når det smeller skikkeleg.
Utsal også neste romjul
Margunn Hagen likar godt når det myldrar litt og er mykje som skjer, og i så måte gav fyrverkerisalet definitivt meirsmak.
– Det blir garantert eit tilsvarande sal her neste romjul, det kan eg seie på direkten alt no. Og det kan vere at vi gjer litt meir ut av vi har fyrverkeri tilgjengeleg neste jul, men kva det eventuelt vil vere må vi komme tilbake til seinare, fortel ho hemmelegheitsfull.
– No har vi lært masse om fyrverkeri og vil nok kunne hjelpe folk enda betre til neste nyttårsfeiring, og så håpar vi jo at årets utsal gjer til at det vil bli betre kjent at det er mogleg å kjøpe fyrverkeri hos oss også neste romjul. Så om vêret blir bra har vi stor tru på at neste runde med fyrverkerisal i Lavik vil bli enda betre.